Hopp til innhald

Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Serbia
Република Србија
Republika Srbija
Adjektiv: serbisk
Motto Samo sloga Srbina spasava ('Berre sameining reddar serbarane')
Nasjonaldag 15. februar
Nasjonalsong «Bože Pravde»
██ Republikken Serbia██ Kosovo
Hovudstad Beograd
Offisielle språk serbisk[1]
Flatevidd 88 499 km²
Folketal 6 605 168 (1. januar 2024)[2]
Historie  
   Fyrstedømet 700-talet
   Kongeriket 1217
   Tsardømet 1346
   Fyrstedømet 1815
   Kongeriket
     Serbia
1882
   Kongeriket
     Jugoslavia
1918
   SFR Jugoslavia 1945
   Serbia og
     Montenegro
1992
   Republikken Serbia 3. juli 2006
Styresett Parlamentarisk republikk[3]
   President Aleksandar Vučić
   Statsminister Đuro Macut
BNP 63 082 021 206 US-dollar (2021)[4]
HDI 0,802 (2021)[5]
Gini 32 (2025)[6]
Tidssone UTC +1
   Sommartid UTC +2
Valuta Serbisk dinar
Telefonkode +381
ISO 3166-kode RS
Toppnivådomene .rs
Wikimedia Commons: Serbia

Serbia,[a] offisielt Republikken Serbia,[b] er eit land i Mellom- og Søraust-Europa, som dekkjer den sørlege delen av Den pannoniske sletta og sentrale område av Balkan.[7] Det grensar til Ungarn i nord, Romania og Bulgaria i aust, Nord-Makedonia, Kosovo og Montenegro i sør og Bosnia-Hercegovina og Kroatia i vest.

Hovudstaden i landet er Beograd. Sjølv om landet ikkje har kystlinje, har det 2000 km med vassvegar langs Donau, Sava og Tisza, samt Donau-Tisa-Donau-kanalen.[8]

I fleire hundreår har Serbia lege ved, og vorte forma av, den kulturelle grensa mellom Austen og Vesten. I mellomalderen var Serbia eit mektig kongedøme som dekte det meste av Balkan, men denne staten forsvann på midten av 1500-talet under stridane mellom Det osmanske riket, Republikken Venezia, Kongedømet Ungarn og seinare Det austerrikske riket.

Den serbiske revolusjonen mot det osmanske styret i 1817 markerte starten på fyrstedømet Serbia, som låg rundt regionen Šumadija. Dette var den første nasjonalstaten i Mellom- og Aust-Europa.[9] Formelt sjølvstyret fekk landet i 1878. I 1913 vart Kosovo erobra[10] frå Det osmanske riket. I 1918 følgde region Srem og Vojvodina og det nye kongedømet Serbia vart oppretta.

Dei noverande landegrensene vart oppretta etter den andre verdskrigen, då Serbia vart ei føderal eining i Jugoslavia. Etter at Jugoslavia vart delt i 1990-åra vart Serbia igjen ein sjølvstendig stat i 2006, då ei folkerøysting i Montenegro gjekk inn for oppløysing av sambandet Serbia og Montenegro i mai 2006. Serbia vart åtskilt frå Montenegro 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Serbia er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet. Det er ein potensiell kandidat for medlemskap i EU og er eit militært nøytralt land.[11]

Den sørlege provinsen Kosovo erklærte seg sjølvstendig 17. februar 2008. Kosovo var formelt ein del av Serbia, men de facto under NATO administrasjon sidan 1999. Serbia, samt Tryggingsrådet i SN, har ikkje anerkjend sjølvstende til Kosovo så langt.[12]

For meir om dette emnet, sjå Serbisk geografi og Administrativ inndeling i Serbia.

Serbia ligg i grenseområdet mellom Sentral-, Sør- og Aust-Europa, mellom Balkanhalvøya og Den pannoniske sletta. Mange store elvar kryssar landet: Donau (2850 km), Sava (945 km), Tisa (1358 km), i lag med Timiş (350 km) og Begej (254 km), som alle knyter Serbia med Nord- og Vest-Europa (via Rhin–Main–Donau-kanalenNordsjøruta), med Aust-Europa (via Tisa, Timiş, Begej og Donau - Svartehavsruta) og med Sør-Europa (via Sava). Dei to største serbiske byane, Beograd og Novi Sad, har store hamner ved Donau. Beograd har òg hamn ved Sava.

Den nordlege tredjedelen av landet omfattar Den pannoniske sletta i Mellom-Europa. Den austlegaste delen av Serbia strekkjer seg inn på Valakiasletta. I den nordaustlege delen av landet ligg Karpatane,[13] som går gjennom heile Sentral-Europa. Dei sørlege Karpatane møter Balkanfjella og følgjer Velika Morava, ei 500 km lang elv. Midžor er det høgaste fjellet i Serbia (om ein ser bort frå Kosovo) på 2156 moh. I søraust møter Balkanfjella Rhodopifjella, som går inn i Hellas. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica (2656 moh.). Her dominerer òg Dei dinariske Alpane.

Ein fjerdedel av Serbia (27 %) er skogkledd.[14] Etter planane skal nasjonalparkar innan 2010 dekkje 10 % av heile Serbia.[15]

Det meste av Serbia har eit kontinentalklima.[16] Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C. Men ein kan òg få kald luft (kalla kosavavind, ein avart av boravinden) frå Karpatane som strøymer sørover mot Beograd. I slike tilfelle kan det bli svært kaldt.

Om sommaren vernar derimot fjella i vest Serbia frå den kjøligare havlufta, så temperaturane kan då bli svært høge. Fjell er det derimot mykje òg i Serbia, og snøen ligg gjerne i lange periodar på vinterstid. Beograd har ein årleg nedbørsnormal på 700 mm, og den våtaste tida på året er sommaren, men mesteparten av dette kjem i form av regnbyger, og ofte i samband med torevêr.

  1. serbisk Србија, Srbija
  2. serbisk Република Србија, Republika Srbija
  1. «10», Устав Републике Србије (på serbisk), Wikidata Q1287641
  2. https://www.stat.gov.rs/sr-latn/oblasti/stanovnistvo/procene-stanovnistva/. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. Nissen, Gunnar; Rødbro, Martin. «Serbien» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 4. september 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  4. . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. «Human Development Report». 2022.
  6. https://publikacije.stat.gov.rs/G2026/HtmlL/G20261078.html. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  7. «Serbia» i Store norske leksikon, snl.no.
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. januar 2009, henta 21. mars 2009 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  9. http://staff.lib.msu.edu/sowards/balkan/lecture5.html
  10. «Is Kosovo Serbia? We ask a historian» guardian.co.uk. Vitja 21. mars 2009
  11. http://www.becei.org/evropski%20forumi%20u%20pdf-u/Evropski_forum_No._4,_2008.pdf
  12. http://www.reuters.com/article/worldNews/idUSTRE49780C20081008
  13. Om Kapatane - Carpathian Heritage Society, arkivert frå originalen 6. april 2010, henta 21. mars 2009 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  14. «Finding birds in Serbia». League for the Ornithological Action of Serbia. 2005. Arkivert frå originalen 1. mai 2010. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  15. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. juni 2008, henta 21. mars 2009 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  16. «Serbia» (på engelsk). Britannica. Henta 4. september 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Serbia