Lotto er eit spel med tal. Det gjeld å tippe sju tal mellom 1 og 34. Ein må betale for å spele.
Kvar veke er det ei trekning der dei finn sju nye tal. Det skjer med ei gjennomsiktig maskin. Inni ligg ballar med kvart sitt nummer frå 1 til 34. Det blir trilla ut sju ballar med tal på. Dei sju tala blir kalla ei rekke eller ei Lotto-rekke. Lotto-trekninga blir vist på nett.
Førstepremien går til den eller dei som har gjetta alle dei sju vinnartala. Det finst også andre-, tredje-, fjerde- og femtepremie. Om ein får førstepremien kan ein vinne mykje pengar, ofte fleire millionar kroner. Dei andre premiane er mykje mindre, og det er mange som vinn same premie.
Ein spesiell type Lotto blir kalla Vikinglotto. Der er det folk i ti land som er med på trekninga: dei fem nordiske landa, pluss Estland, Latvia, Litauen, Belgia og Slovenia.