Nynorsk er eitt av dei to norske skriftspråka. Det andre er bokmål.
Tidlegare heitte nynorsk landsmål, medan bokmål vart kalla dansk, dansk-norsk eller riksmål.
Nynorsk er eitt av dei to norske skriftspråka. Det andre er bokmål.
Tidlegare heitte nynorsk landsmål, medan bokmål vart kalla dansk, dansk-norsk eller riksmål.
På nett er det ordbøker for både nynorsk og bokmål. Dømet viser eit søk på ordet «bok». Det heiter «ei bok» på nynorsk og «en bok» eller «ei bok» på bokmål.
Noreg var i union med Danmark frå 1537 til 1814. Skriftspråket var dansk. Det var stor avstand mellom skriftspråket og måten folk flest snakka på.
Dei som styrte landet, utvikla ein eigen måte å snakke på, særleg når dei ville vere høgtidelege. Då snakka dei som om dei las opp dansk tekst, med norsk uttale. Dei andre som budde i Noreg, snakka norsk, med ulike dialekter.
I 1814 fekk Noreg ei eiga grunnlov. Etter kvart meinte mange at vi burde ha eit eige norsk skriftspråk. Det vart kamp om korleis ein skulle lage dette.
Det var to måtar ein såg for seg å kunne lage eit norsk skriftspråk:
Språkforskaren Ivar Aasen meinte det beste var å skape eit heilt nytt skriftspråk, ut ifrå talemålet.
Aasen reiste rundt i store delar av landet og skreiv ned korleis folk prata. Han fann ut korleis dialektene hang saman, og samanlikna dei med norrønt. Ut ifrå dette skapte han eit nytt skriftspråk. Det er i dag kjent som nynorsk.
I 1885 bestemde Stortinget at nynorsk skulle bli likestilt med dansk som skriftspråk i Noreg. Alle fekk rett til å lære og bruke nynorsk i skulen og elles. Slik blei det to skriftspråk i Noreg.
Bokmål er mest brukt. Nynorsk er sterkast på Vestlandet og i fjellbygder i innlandet. Nynorsk står òg sterkt i kulturlivet, som i litteratur, i tv og radio og i kyrkja.