Hopp til innhald

Ørnetåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørnetåka
Emisjonståke
H II-region

Hubble-bilete av ørnetåka
Observasjonsdata
Epoke J2000.0
Rektascensjon18h 18m 48,000s
Deklinasjon−13° 48 24,12
Avstand5 607 lysår
(1 719 pc)
Tilsynelatande storleiksklasse (V)6
StjernebileteSlangen
Andre namn
M 16, NGC 6611, IC 4703
Fleire namn
  • LBN 016.96+00.78, LBN 67, OCl 54, Collinder 375, Melotte 198, C 1816-138, CTB 51, LMH 22, OCISM 10, [KPS2012] MWSC 2886

Ørnetåka (katalogisert som M16, NGC 6611 (sjølve stjernehopen) og IC 4703 (sjølve tåka)) er ein lys stjernehop av nyleg danna stjerner med ei tilhøyrande emisjonståka som ligg rundt 7000 lysår unna i stjernebiletet slangen.

I 1995 fotograferte romteleskopet Hubble tåka for første gong. Biletet viste tre pillarar samansette av kald interstellar hydrogengass og støv. I pillarane føregår det aktiv stjernedanning. [1]

I 2007 blei det offentleggjort at dei tre pillarane ifrå 1995-biletet kanskje er blitt øydelagde av sjokkbølgja frå ein supernovaeksplosjon. Det er blitt estimert at den eventuelle øydelegginga skjedde for 6000 år sidan, men lyset frå ho vil nå jorda først om 1000 år, sidan tåka ligg 7000 lysår unna. [2]

  1. «Pillars of Creation» - Hubbleteleskopet si offisielle heimesida. Vitja 18. juli 2008.
  2. «Famous Space Pillars Feel the Heat of Star's Explosion» Arkivert 2008-07-24 ved Wayback Machine. - offisiell pressemelding frå JPL. Vitja 18. juli 2008.