Hopp til innhald

Allkunne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allkunne

Type nettstadleksikon, Nynorsk nettleksikon, internettensyklopedi, nettstad
Tilgjengeleg pånynorsk
HovudkontorOslo
OpphavslandNoreg
EigarDet Norske Samlaget, Nynorsk kultursentrum, Store norske leksikon
Nettstadbrukere.snl.no/user_authorships/55897

Allkunne var eit nynorsk nettleksikon, drive av Allkunne AS. Oppslagsverket vart offisielt opna 20. oktober 2009, med eit omfang på rundt 850 artiklar.[1] I 2019 var Per Magnus Finnanger Sandsmark ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel redaktør og leiar av redaksjonen, og Allkunne hadde eit omfang på 25000 artiklar.[2] Drifta av leksikonet blei avvikla frå 1. januar 2021.

Kort historikk

[endre | endre wikiteksten]

Den første hovudredaktøren for Allkunne var Ottar Grepstad, og Eirik Helleve var dagleg leiar fram til 2010, då Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart tilsett som ny dagleg leiar.[3]

Frå og med oktober 2011 har Allkunne også inkludert tekstar tidlegare publisert i Caplex.[4] Frå og med februar 2015 inkluderte Allkunne også artiklane i det tidlegare Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som vart skrive av NRK Sogn og Fjordane (ved Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen).[5]

Leksikonet nytta ei digital plattform utvikla for Store Norske Leksikon. Verksemda hadde kontor på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Sommaren 2020 kjøpte Store norske leksikon Allkunne, med føremål å integrere delar av leksikoninnhaldet på eigen platform.[6] Den 1. januar 2021 var Allkunne avvikla, men nettstaden allkunne.no blir tilgjengeleg fram til avviklingsfasen er avslutta og artiklane som skal over i Store norske leksikon, ca. 3000 artiklar, er ferdig integrert der.[7]

Allkunne AS

[endre | endre wikiteksten]

Allkunne AS var eit aksjeselskap som hadde som oppgåve å drive oppslagsverket Allkunne.

Selskapet var skipa av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, med Arild Thorbjørnsen som styreleiar.

  1. ↑ I følgje Tove Lie, direktør i Samlaget, i NPK-melding referert i Dag og Tid 23.10.2009.
  2. ↑ «Om Allkunne - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 2021-10-12
  3. ↑ Aasentunet
  4. ↑ «Allkunne og Caplex - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 2021-10-12
  5. ↑ «Om Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 2021-10-12
  6. ↑ «Allkunne i Store norske leksikon», Om Store norske leksikon (på bokmål), henta 2021-10-12
  7. ↑ Informasjon om avvikling av Allkunne og samarbeid med SNL informasjon på allkunne.no, 2. november 2020, henta 10. oktober 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]