Hopp til innhald

Baden-Baden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baden-Baden
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Karlsruhe
Landkreis Kreisfri by
Høgd 161 m
Areal 140,19 km²
Folketal 57 420 (31. desember 2023)[1]
Postnummer 76530–76534
Retningsnummer 07221, 07223
Bilnummer BAD
Kart
Baden-Baden
48°45′43″N 8°14′27″E / 48.761944444444°N 8.2408333333333°E / 48.761944444444; 8.2408333333333
Wikimedia Commons: Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden.

Baden-Baden er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestsida av Schwarzwald ved breidda av elva Oos i landkreisen Karlsruhe.

Kjeldene i Baden-Baden var kjende alt for romarane og grunnlegginga av byen referer til keisar Hadrian i ein inskripsjon, som er noko tvilsam. Staden fekk namnet Aurelia Aquensis til ære for Aurelius Severus. Det er framleis mogeleg å sjå bitar av dei antikke skulpturane i byen, og i 1847 vart restane av eit godt bevart romersk dampbad oppdaga like nedanfor Neues Schloss.

Byen vart kalla Baden i mellomalderen. Frå 1300-talet til slutten av 1600-talet var Baden-Baden residens for markgrevane av Baden, som gav namn til byen. Dei budde først i Schloss Hohenbaden (det gamle slottet), som ein kan sjå ruinane av på ein ås over byen, men i 1479 flytta dei til Neues Schloss, som ligg i ei åsside nærmare byen, og som er kjend for den underjordiske fangekjellaren. Under trettiårskrigen vart Baden-Baden hardt råka, særleg av franskmennene som plyndra byen i 1643 og brende han til grunnen i 1689. Markgreven Ludvig Vilhelm flytta til Rastatt i 1706.

I 1931 fekk byen offisielt det doble namnet Baden-Baden (ei kort form av «Baden i (delstaten) Baden»). Byen slapp unna utan øydeleggingar under begge verdskrigane. Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen.[2] Etter krigen vart Baden-Baden hovudkvarter for dei franske okkupasjonsstyrkane i Tyskland og ein leir for tvangsflytta folk.

Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij skreiv «Igrot» (Spelaren) medan han var avhengig av å spele på Baden-Baden Casino.

  1. Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
  2. Christine O'Keefe.Concentration Camps. www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Baden-Baden