Hopp til innhald

Currywurst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berliner currywurst

Currywurst er ei steikt eller fritert kokepølse eller bratwurst som vanlegvis blir servert oppskoren og med ein saus av ketsjup eller tomatpuré og i tillegg karripulver. Den litt mer raffinerte varianten kjem med ein pikant saus laga på ingrediensar som ketsjup, løk, honning, kraft, worchestershiresaus, eddik, sterk sennep og krydder som spisskum og kajennepepper, i tillegg til karri. Anna tilbehøyr er rundstykke eller pommes frites. Currywursten blir rekna å ha opphav i Berlin, men har spreidd seg til store delar av Tyskland.

Minnetavle over Herta Heuwer, som i 1949 byrja å lage og selje currywurst i Berlin.

Herta Heuwer blir rekna som oppfinnaren av currywursten, etter at ho klarte å skaffe seg ketsjup, eller moglegvis worcestershiresaus, frå britiske soldatar i Tyskland.[1] Ho blanda desse ingrediensane med andre krydder og helte blandinga over grilla svinepølser. Heuwer byrja å selje den billege, men mettande snacksen på ein matkiosk i Charlottenburg-distriktet i Berlin, der han blei ein populær rett blant bygningsarbeidarane som attoppreiste den øydelagde byen.[2]

I 1951 tok Heuwer patent på sausen sin under namnet «Chillup».[2] På sitt høgdepunkt selde matbuan 10 000 porsjonar med currywurst per veke.[3] Ho opna seinare ein liten restaurant som var i drift fram til 1974.[4] Den 30. juni 2013 blei 100-årsdagen til Heuwer feira med ein Google Doodle.[5]

I dag blir currywurst ofte seld som take away-mat, «Schnellimbisse» (snøggmat), på spisestader, på barnemenyar på restaurantar, eller som gatemat, og blir vanlegvis servert med pommes frites eller rundstykke (Brötchen). Retten er populær over heile Tyskland, men spesielt i storbyområda Berlin, Hamburg og Ruhrområdet. Det finst betydeleg variasjon, både i type pølse som blir brukt og ingrediensane i sausen, mellom desse områda.[6]

Vanlege variantar inkluderer tilsetjing av paprika eller hakka lauk. Halal-matbuer tilreier ofte currywurst med pølse av storfe. Ofte blir currywurst seld i matbuer, nokre gongar ved hjelp av ein spesiell maskin for å skjere currywursten i bitar, og blir servert på ein papirtallerken med en liten tre- eller plastgaffel, for det meste ein currywurstgaffel.[7] Det blir også seld som eit hylleprodukt på supermarknader til å tilreie heime.

Deutsches Currywurst Museum anslo at det blir etter 800 millionar currywurstar i Tyskland kvart år, med 70 millionar i Berlin åleine.[8][9][10] Volkswagen-fabrikken i Wolfsburg driv sitt eige slakteri som produserer rundt 7 millionar Volkswagen-currywurstar per år, og der mesteparten av dei går til å servere Volkswagen-tilsette.[11][12]

  1. ↑ Slackman, Michael (26. januar 2011). «A Favorite Dish Laden With Fat and Contradiction». The New York Times. Henta 24. oktober 2020.
  2. 1 2 Paterson, Tony (2009-08-15). «Spicy sausage that is worthy of a shrine in Berlin». The Independent. London. Henta 2010-04-30.
  3. ↑ «Honoring the best of the Wurst of German Cuisine». Deutsche Welle. 2009-08-15.
  4. ↑ Kessler, Roman (2009-08-27). «The Craze Over Currywurst». The Wall Street Journal.
  5. ↑ «Herta Heuwer's 100th Birthday». www.google.com.
  6. ↑ «Berlin 24/7: What's the currywurst cult all about? | DW | 03.09.2017». DW.COM.
  7. ↑ «A Food Lover's Guide to Berlin». Condé Nast. 12. november 2014. Henta 9. januar 2015.
  8. ↑ Horenburg, Berit (23. august 2002). «Hau wech». Motorrad. Arkivert frå originalen 30 October 2013. Henta 23. oktober 2013.
  9. ↑ «Data and Facts» (PDF) (Press release). Deutsches Currywurst Museum. September 2013. Arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013. Henta 23. oktober 2013.
  10. ↑ «10 Things We Learned at Berlin's Museum Dedicated to Currywurst». Condé Nast. 17. desember 2014. Arkivert frå originalen 10. januar 2015. Henta 9. januar 2015.
  11. ↑ Radomsky, Stephan (2016-02-19). «VW verkauft mehr Würste als Autos (VW sells more sausages than cars)».
  12. ↑ «Die Currywurst – das Originalteil wird 45! - Volkswagen inside». Arkivert frå originalen 3. september 2018. Henta 3. september 2018.