Hopp til innhald

Den tredje verda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei grøne landa vert som regel definert som den tredje verda.

Den tredje verda, òg kalla det globale Sør, er eit omgrep som vert brukt for å skildra dei fattige landa i verda. Omgrepet har utspring i den vestlege verda under den kalde krigen, der den første verda vart brukt til å skildra dei vestlege kapitalistiske landa og den andre verda til å skildra Austblokka.[1] Den tredje verda utgjorde landa som korkje var allierte med Vesten eller Austblokka ved byrjinga av den kalde krigen.

  1. ↑ Eriksen, Tore Linnè (2018-10-17). «Den tredje verden». Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2018.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]