Hopp til innhald

Fidesz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fidesz

LandUngarn
Partileiar(ar)Viktor Orbán
GrunnleggjararViktor Orbán
Grunnlagt30. mars 1988
HovudkvarterBudapest
Ungdomsorg.Fidelitas
Medlemstal40 320 (2011)[1]
Ideologinasjonalkonservatisme
Politisk posisjonhøgresida

Fidesz – Ungarsk borgarunionen (ungarsk Fidesz – Magyar Polgári Szövetség) er eit nasjonalkonservativt og kristelegdemokratisk parti i Ungarn.

Partiet blei skipa den 30. mars 1988 som eit anti-kommunistisk parti med mål om å tettare integrera Ungarn med resten av Europa, særleg innan økonomi.[2]

Fidesz var frå byrjinga eit liberalt ungdomsparti, tilslutta den liberale internasjonalen. Frå 1994 la partiet seg på ei meir konservativ linje. Fidesz var i ein periode medlem av det europeiske folkepartiet (EPP).[3]

Fidesz var med i ein regjeringskoalisjon frå 1998 til 2002.[4] Partiet tapte valet i 2002 og 2006, men oppnådde heile 52,3 prosent av røystene ved valet i 2010 og heile 263 mandat (av 386) i parlamentet (Országgyűlés). Fidesz hadde dermed to tredjedels majoritet i parlamentet og kan såleis på eiga hand endre konstitusjonen for landet.

  1. ↑ https://web.archive.org/web/20160304171558/http://metropol.hu/cikk/729027. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ «Fidesz» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 2023-11-22.
  3. ↑ «Hungary's ruling party quits European People's Party» (på engelsk). Deutsche Welle. Henta 2023-11-22.
  4. ↑ Gyldendals leksikonredaktion: Fidesz i Den Store Danske på lex.dk. Henta 22. november 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fidesz