Hopp til innhald

Kipchoge Keino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kipchoge Keino

StatsborgarskapKenya
Fødd17. januar 1940 (86 år)
Nandi fylke
Yrkelangdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språkengelsk
Høgd173 centimeter
Medlem avDen internasjonale olympiske komitéen
Kipchoge Keino på Commons

Kipchoge Hezekiah Keino (fødd 17. januar 1940) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Nandi-fylket i det vestlege Kenya. Han vart olympisk meister på 1500 meter under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen, og tok sølvmedaljen på 5 000 meter. Fire år seinare vart han olympisk meister på 3 000 meter hinder i München, og fekk sølv på 1500 m. Keino var den aller fyrste kenyanske mellom- og langdistanseløparen som markerte seg i verdstoppen.

Keino deltok 1962 i samveldeleikane i Perth i Australia, utan å utmerke seg. Under Sommar-OL 1964 kom han på femteplass på 5 000 meter og var svært nær ved å kvalifisere seg til finalen på 1500 m. I juli 1965 i Brazzaville sigra han både på 1500 og 5 000 meter ved dei aller fyrste Afrika-leikane. Fire veker seinare, den 27. august, senka Keino verdsrekorden på 3 000 m med over 6 sekund til 7.39,6 i svenske Helsingborg. Før året var over, den 30. november i Auckland, kom han i mål på tida 13.24,2 på 5 000 m, einast verdsrekordhaldaren Ron Clarke hadde prestert betre. Under samveldeleikane 1966 i Kingston på Jamaica, vann Keino både mile-løpet og tre-miles-løpet.

I oktober 1968 la Keino beslag på sølvmedaljen på 5 000 meter under dei olympiske leikane i Mexico-byen, hakk i hæl på Mohammed Gammoudi frå Tunisia. Tre dagar etter stod Keino for ei særmerkt bragd då han tok ein suveren fyrsteplass på 1500-meteren. I finalen på distansen la han i veg i høg fart, så høg at han på det meste leia med opp mot 50 meter på resten av feltet. Konkurrentane rekna nok med at han ville gå tom for krefter i den tynne lufta. Favoritten, verdsrekordhaldaren Jim Ryun auka farta på sisterunda, men enda likevel 25 meter bak på sølvplass. Sigersmarginen på 2,9 sekund er framleis den største på distansen nokon gong. Vinnartida 3.34,9 vart verande personbeste for Keino.

I samveldelekene 1970 vann Keino som sist 1500 meter, på 5 000 m vart han nummer 3. To år seinare overraska han ved å delta på 3 000 meter hinder under OL i München, ei øving han knapt hadde gjennomført tidlegare. Likevel var han i stand til å vinne hinderløpet med ei suveren avslutning. Siste dagen i olympiaden tok han sølvmedaljen på 1500 meteren. Keino la opp i 1973.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • OL 1964 i Tokyo: Nr 5 på 5000 m – 13.50,4, utslått i kvalifiseringa på 1500 m (3.41,9=nr 10)
  • OL 1968 i Mexico-byen: Gull på 1500 m – 3.34,9, framom Jim Ryun (3.37,8), sølv på 5000 m – 14,05,2, bakom Mohammed Gammoufi (14.05,0)
  • OL 1972 i München: Gull i 3000 m hinder – 8.23,6, framom Ben Jipcho (8.24,6), sølv på 1500 m – 3.36,8, bakom Pekka Vasala (3.36,3)