Hopp til innhald

Kvadrattal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvadrattal er heiltal som samstundes er produkt av to like og heile tal. Med andre ord er talet x eit kvadrattal viss det finst eit heiltal y slik at x=y2. Å multiplisere eit tal med seg sjølv vert kalla å kvadrere.

Rekkja startar med 0 (som er lik 0⋅0), og fortset med 1 (1⋅1), 4 (2⋅2), 9 (3⋅3), 16 (4⋅4) og så vidare ad infinitum.