Hopp til innhald

Lake Vanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Vanda
innsjø
Landsat 7-bilete
Land  Antarktis
Tilsig Onyx River
Utløp ingen
Stad Wright Valley i Victoria Land
 - koordinatar 77°31′47″S 161°34′32″E / 77.52963°S 161.57553°E / -77.52963; 161.57553
Lengd 8 km
Areal 5,2 km²
Volum 160 000 000 m³
Type Hypersaltsjø
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lake Vanda
77°31′47″S 161°34′32″E / 77.529630555556°S 161.57553055556°E / -77.529630555556; 161.57553055556
Lake Vanda is located in Antarktis
Lake Vanda (Antarktis)
Wikimedia Commons: Lake Vanda

Lake Vanda er ein innsjø i Wright Valley i Victoria Land i Ross Dependency i Antarktis. Innsjøen er 8 km lang og har ei djupne ned mot 75 m.[1] Den newzealandske Vanda-stasjonen låg ved breidda av innsjøen frå 1968 til 1995. Lake Vanda er ein hypersalt innsjø og er meir enn ti gonger saltare enn sjøvatn,[2] som er saltare enn Daudehavet og kanskje enno saltare enn Assalsjøen, som er den saltaste innsjøen i verda utanfor Antarktis. Lake Vanda er òg meromiktisk, som tyder at det djupare vatnet i innsjøen ikkje blandar seg med det grunnare vatnet.[3] Det er tre distinkte vasslag som varierer i temperatur frå 23 ºC ved botnen til 7 ºC i det midtre laget og 4-6 ºC i det øvre laget.[4] Han er ein av mange saltsjøar i dei isfrie dalane i Dei transantarktiske fjella. Den største elva i Antarktis, Onyx River, flyt vestover og ut i Lake Vanda. Det ligg ein vêrstasjon ved munningen av elva.

Den isdekte Lake Vanda med Onyx River i framgrunnen.

Innsjøen er dekt av eit gjennomsiktig isdekke som er 3,5-4 meter tjukt året rundt, men smelting seint i desember dannar ein ei vollgrav ut til kring 50 meter frå breidda. Isoverflata er ikkje dekt med snø og består av djupe sprekker og smeltelinjer.[4] I dei kaldare månadane frys denne vollgrava til is att.


Det finst ikkje fisk i Lake Vanda eller Onyx River, men det finst mikroskopisk liv som cyanobakterie-algar. Ein har ikkje undersøkt dei djupare vasslaga i innsjøen, berre dei øvre vasslaga, fordi ein ikkje vil forstyrre det naturlege miljøet ved å køyre fjernstyrte undervassfartøy ned i djupet.[4]

Vanda-stasjonen

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Vanda-stasjonen.

Vanda-stasjonen var kjend for The Royal Lake Vanda Swim Club.[5] Vitjande ved Vanda-stasjonen kunne kaste seg ut i det særs slate vatnet då iskappa smelta på sommaren og fekk eit symjemerke.

Vanda-stasjonen vart lagt ned og fjerna i 1995 då vassnivået auka, og vart erstatta av ei hytte, der det periodisk bur 2-8 forskarar.[6]

Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda


  1. ↑ Mathez, Edmond A. (2005). «Cold Fire». Natural History. July–August.
  2. ↑ Priscu, J. C.; Priscu, L. R.; Vincent, Warwick F.; Howard-Williams, Clive (1981). «Photosynthate distribution by microplankton in permanently ice covered Antartic desert lakes,» (PDF). Limnol. Oceanogr. 32 (1): 260–270. doi:10.4319/lo.1987.32.1,0260. Henta 2014-02-22.{{cite journal}}: CS1 maint: deprecated archival service (link) CS1 maint: unflagged free DOI (link)
  3. ↑ Gibson, John E. (1999). «The meromictic lakes and stratified marine basins av Vestfold Hills, East Antarctica». Antarctic Science. 11 (2): 175–192. doi:10.1017/S0954102099000243.
  4. 1 2 3 Mercer, Steve (2000). Hallock; French (red.). «Antarktis lake diving with the semi-closed rebreather». Diving for Science...2000. Proceedings of 20th Annual Scientific Diving Symposium. American Academy of Underwater Sciences. Arkivert frå originalen 2012-09-02. Henta 22. februar 2014. {{cite journal}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ Parfit, Michael (1988). South light: a journey to Antarktis. London: Bloomsbury. s. 206–210. ISBN 0-7475-0134-3.
  6. ↑ «Stream team field manual». Arkivert frå originalen 2010-06-12. Henta 22. februar 2014. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]