Hopp til innhald

Magasinet New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New York

LandUSA[1]
TypeTidsskrift, nettstad[2]
FormatTabloid
Grunnlagd8. april 1968
EigararVox Media
UtgjevarVox Media
SpråkEngelsk[3]
HovudkvarterNew York by
ISSN0028-7369, 2769-9889
OCLC1760010
Nettstadhttps://nymag.com/ (engelsk)

New York er eit amerikansk vekeblad. Det tek for seg livet, kulturen, politikken og moten i New York by. Bladet blei grunnlagt i 1968 av Milton Glaser og Clay Felker som ein konkurrent til The New Yorker. Det var frekkare og mindre høfleg i stilen enn konkurrenten, og bidrog til utviklinga av såkalla new journalism.[4]

I 2009 var opplaget på 408 622, og 95,8 % av desse kom frå abonnement. Nettstadane til bladet — NYmag.com, Vulture.com, The Cut og Grub Street — hadde i 2013 over 14 millionar besøk kvar månad.[5]

I 2018 la eigaren til bladet, New York Media, inn ein betalingsmur for alle nettstadene sine,[6] følgd av fleire oppseiingar tidleg i 2019.[7]

  1. The ISSN portal (på engelsk, fransk, spansk, forenkla kinesisk og arabisk), Paris: ISSN International Centre, ISSN 1819-1819, ISSN 0028-7369, Wikidata Q70460099, henta 20. mai 2021
  2. https://auditedmedia.com/hubfs/trust.txt. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. The ISSN portal (på engelsk, fransk, spansk, forenkla kinesisk og arabisk), Paris: ISSN International Centre, ISSN 1819-1819, ISSN 0028-7369, Wikidata Q70460099
  4. Wolfe, Tom. (14. februar 1972) Tom Wolfe Gives an Eyewitness Report of the Birth of 'The New Journalism' - New York Magazine. Nymag.com. Henta 23. oktober 2013.
  5. Bhuiyan, Johana. (31. mai 2013) 'New York' mag hires new online deputy, as traffic grows Arkivert 2013-07-01 at archive.ph Error: ukjent arkiv-URL. Capital New York. Henta 23. oktober 2013.
  6. «New York Magazine's Sites Are Going Behind a Paywall» (på engelsk). Henta 12. november 2018.
  7. Darcy, Oliver (11. mars 2019). «New York magazine lays off staffers as publication undergoes restructuring». CNN. Henta 11. mars 2019.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]