Hopp til innhald

Radialsnøggleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radialsnøggleik er snøggleiken til ein himmellekam i retninga til synslinja. I følgje dopplereffekten vert linjene i spektrumet forskyvde mot raudt om avstanden til lyskjelda aukar (positiv radialsnøggleik), og mot fiolett om han minkar (negativ radialsnøggleik).

Radialsnøggleiken vert gjeven i forhold til sola, og målingane må derfor korrigerast for jordrørsla. Kring 60 % av stjernene har radialsnøggleik mellom 0 og ±20 km/s.

  • «Radialhastighet», Store norske leksikon, 2011, 14. oktober, henta 13. august 2014 {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)