Schauinsland
Utsjånad
| Schauinsland | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Baden-Württemberg | ||
| Fjellkjede | Schwarzwald | ||
| Høgd | 1 284 moh. | ||
| Koordinatar | 47°55′N 7°54′E / 47.917°N 7.900°E | ||
![]() Schauinsland 47°54′40″N 7°53′58″E / 47.911111111111°N 7.8994444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Schauinsland (Schwarzwald) | |||
Schauinsland er eit fjell nær Freiburg i Tyskland. Det ligg i Schwarzwald og har ei høgd på 1 284 m.

Området vert nytta til fjellturar, skigåing og fjellsykling. Det ligg òg eit solobservatorium i nærleiken. På toppen av fjellet står utkikkstårnet Eugen-Keidel-tårnet. Særleg på hausten, under temperaturinversjonar, er det ofte flott utsyn frå Schauinsland til Vogesane. Under dei rette vêrtilhøva kan ein òg sjå store delar av dei sveitsiske Alpane.
Gruvedrift
[endre | endre wikiteksten]I over 700 år var det drive gruvedrift etter bly, sølv og sink i området. Produksjonen var nedlagd i 1954.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Schauinsland» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2007.
