Hopp til innhald

Sebastian Rejman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sebastian Rejman

Fødd13. januar 1978 (48 år)
FødestadBerghäll
OpphavFinland
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somgitarist, songar, skodespelar, komponist

Sebastian Rejman (fødd 13. januar 1978 i Helsingfors i Finland) er ein finsk musikar, skodespelar og programleiar.[1] Han er gitarist, vokalist og låtskrivar i det finske bandet The Giant Leap.[2] Han er òg grunnleggjar av bandet Sebastian & The 4th Line Band, og han representerte Finland i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Look Away» saman med Darude.[3]

Rejman kjem frå Kallio i Helsingfors og byrja å spela gitar og synga som 14-åring. Hans musikalske forbilete er Elvis Presley og Bruce Springsteen.

Rejman er kjend som frontfigur og låtskrivar i bandet The Giant Leap og har hatt fleire framsyningar på finsk fjernsyn. I 2010 var han leiar for eit av deltakarkora i den finske versjonen av Det store korslaget, og i 2012 var han programleiar for den fjerde sesongen av Talent Suomi og han var reporter for The Voice of Finland.

Rejman har òg spela i spelefilmar som Siskonpeti (2014), 95 (2017) Sjette gang (2017)[4] og rolla som Jesse Adlercreuz i tv-serien Syke (2014–2017).[5] Rejman representerte Finland i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019, saman med Darude.[6][7] Duoen deltok med låten «Look Away», men vart slått ut i semifinalen 14. mai.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Sebastian Rejman» (på engelsk). Henta 2019-01-30.
  2. ↑ «The Giant Leap» (på engelsk). Henta 2019-01-30.
  3. ↑ «Darude will perform 'Look Away' at Eurovision 2019». 2019-03-02. Henta 2019-05-07.
  4. ↑ «Sebastian Rejman». IMDb. Henta 2019-01-30.
  5. ↑ «Sebastian Rejman». Henta 2019-01-30.
  6. ↑ «Darude announced as Finnish entry for the Eurovision Song Contest 2019» (på engelsk). Henta 2019-01-30.
  7. ↑ «UMK: Darude (feat. Sebastian Rejman) to represent Finland» (på britisk engelsk). 2019-01-29. Henta 2019-01-30.
  8. ↑ «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 2019-05-14. Henta 2019-05-15.