Hopp til innhald

Sheryl Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheryl Sandberg

StatsborgarskapUSA
Fødd28. august 1969 (57 år)
Washington
Yrkesamfunnsøkonom, forretningsdrivande, informatikar, gründer
Språkengelsk
Politisk partiDet demokratiske partiet i USA
Medlem avNational Honor Society[*]
Religionjødedom
EktefelleDave Goldberg
Sheryl Sandberg på Commons

Sheryl Kara Sandberg (fødd 28. august 1969)[1] er ein amerikansk teknologileiar, filantrop og forfattar. Sandberg fungerte som chief operating officer (COO) i Meta Platforms frå 2008 til august 2022.[2] Sandberg er grunnleggjaren av LeanIn.Org.[3]

I 2008 vart Sandberg utnemnd til COO i Facebook.[4] I juni 2012 vart ho vald inn som fyrste kvinne i styret til Facebook.[5] Som leiar for reklameverksemda til selskapet vart Sandberg anerkjend for å ha gjort selskapet lønnsamt.[4]

Før ho byrja i Facebook som COO, var Sandberg visepresident for globalt online sal og drift hos Google. Før det fungerte Sandberg som stabssjef for finansministeren i USA, Lawrence Summers.

Tidleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Sandberg vart fødd i 1969 i Washington D.C. Ho er dottera til Adele Einhorn og Joel Sandberg. Ho er den eldste av tre sysken. Faren hennar er augelege, og mora hennar var høgskulelærar i fransk.[6]

Då Sandberg var to år flytta familien hennar til North Miami Beach i Florida.[6] Ho gjekk på North Miami Beach High School, der ho vart uteksaminert i 1987.[7]

Sandberg byrja å studere ved Harvard College i 1987. Ho vart uteksaminert i 1991 summa cum laude og Phi Beta Kappa,[6] med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi.[8] Ho vart tildelt John H. Williams-prisen for den beste avgangsstudenten i økonomi.[9] Samtidig som ho studerte ved Harvard College, var Sandberg med å skipe ein organisasjon kalla Women in Economics and Government.[7] Ho møtte også professor Lawrence Summers, som vart mentoren og avhandlingsrådgjevaren hennar.[10] Summers rekrutterte ho til å vere forskingsassistenten hans ved Verdsbanken,[6] der ho jobba i rundt eit år med helseprosjekt i India som omhandla spedalskheit, AIDS og blinde.[11]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Sandberg har fleire gongar vorte rangert som ei av dei femti mest innflytelsesrike kvinnene i næringslivet, på Forbes si liste Most Powerful Women in Business.

  • 2007: Nummer 29, yngste på lista.[12]
  • 2008: Nummer 34.[13]
  • 2009: Nummer 22.[14]
  • 2010: Nummer 16.[15]
  • 2014: Nummer 10.
  • 2016: Nummer 6.
  • 2017: Nummer 5.[16]
  • 2018: Nummer 6.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «WEDDINGS/CELEBRATIONS; Sheryl Sandberg, David Goldberg». The New York Times (på amerikansk engelsk). 2004-04-18. ISSN 0362-4331. Henta 2023-03-08.
  2. ↑ Sawers, Paul (2022-08-02). «Sheryl Sandberg stepped down as Meta COO on August 1». TechCrunch (på amerikansk engelsk). Henta 2023-03-08.
  3. ↑ Dougherty, Ariel (2019-08-13). «Sheryl Sandberg Philanthropy Women Profile». Philanthropy Women (på amerikansk engelsk). Henta 2023-03-08.
  4. 1 2 «Sheryl Sandberg, long Facebook's No. 2 exec, steps down». AP NEWS (på engelsk). 2022-06-01. Henta 2023-03-08.
  5. ↑ «Facebook gets first female board member, COO Sheryl Sandberg». www.cbsnews.com (på amerikansk engelsk). Henta 2023-03-08.
  6. 1 2 3 4 Nast, Condé (2011-07-04). «Can Sheryl Sandberg Change Silicon Valley?». The New Yorker (på amerikansk engelsk). Henta 2023-03-11.
  7. 1 2 «Sheryl Sandberg: From North Miami Beach High to Facebook's No. 2 | The Miami Herald». web.archive.org. 2014-10-08. Arkivert frå originalen den 2014-10-08. Henta 2023-03-11.
  8. ↑ Rustad, Malene Emilie & Sæter, Svein Olav (2022-06-01). «Toppsjef i Meta Sheryl Sandberg forlater selskapet». e24.no (på bokmål). Henta 2023-03-11.
  9. ↑ «Sheryl Sandberg Success Story : The Inspirational Female Entrepreneur». StartupTalky (på engelsk). 2022-06-02. Henta 2023-03-11.
  10. ↑ Hempel, Jessi (2008-04-12). «Sheryl Sandberg: Facebook's new number two to Zuckerberg - Apr. 11, 2008». money.cnn.com. Henta 2023-03-11.
  11. ↑ «Sheryl Sandberg, An Inside View of Facebook». Newsweek (på engelsk). 2008-10-03. Henta 2023-03-11.
  12. ↑ «The Power 50 - Sheryl Sandberg (29) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 2023-03-08.
  13. ↑ «50 Most Powerful Women - Sheryl Sandberg (34) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 2023-03-08.
  14. ↑ «50 Most Powerful Women - 22. Sheryl Sandberg (22) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 2023-03-08.
  15. ↑ «50 Most Powerful Women - Sheryl Sandberg (16) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 2023-03-08.
  16. ↑ «These Are the Top 10 Most Powerful Women in Business». Fortune (på engelsk). Henta 2023-03-08.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sheryl Sandberg