Hopp til innhald

Småplanet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergplaneten Pluto.
Vesta

Småplanetar eller planetoidar er små himmellekamar i solsystemet som går rundt sola (eller i andre planetsystem, rundt andre stjerner) som ikkje er kometar eller møter definisjonen for ein planet.[1][2]

Termen «småplanet» er no og då brukt som eit synonym for asteroide, men dette er ikkje rett, asteroidane er berre ein av fleire typar småplanetar, andre typar er mellom anna transneptunske objekt, og det finst også andre typar.

Den første småplaneten, som fekk namnet Ceres, blei oppdaga i 1801 av Giuseppe Piazzi. Sir William Herschel, oppdagaren av Uranus, laga omgrepet «asteroide» for dei første objekta som blei oppdaga på 1800-talet. Alle dessa går rundt sola mellom Mars og Jupiter, som regel i banar med låg eksentrisitet (altså ikkje særleg avlange).

  1. Press release, IAU 2006 General Assembly: Result of the IAU Resolution votes, International Astronomical Union, 2006-08-24, arkivert frå originalen 2020-05-17, henta 2008-05-05
  2. «What Is a Minor Planet?», All The Science (på engelsk (USA)), henta 2026-03-01