Hopp til innhald

Syntetisk grunnstoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Syntetiske grunnstoff██ Sjeldne radioaktive naturlege grunnstoff som ofte blir produserte syntetisk.
  Vanlege radioaktive naturleg grunnstoff.

Syntetiske grunnstoff er grunnstoff som er for ustabile til å finnast naturleg på jorda og som er blitt framstilte kunstig, eller syntetisk. Desse grunnstoffa har halveringstider som er så korte, i høve til alderen på jorda, at alle atom av desse stoffa som kunne ha eksistert då jorda blei danna har desintegrert for lenge sidan. På grunn av dette er syntetiske grunnstoff berre til stades på jorda som produkt av eksperiment som involverer kjernereaktorar eller partikkelakseleratorar via fusjon eller nøytronfanging. Uran og thorium har ingen stabile isotopar, men finst naturleg i jordskorpa og atmosfæren, så ingen av desse to grunnstoffa blir kalla syntetiske. Likeeins kan ustabile grunnstoff som polonium, radium og radon, som blir danna ved forfall av uran og thorium, finst i naturen på trass av dei korte halveringstidene sine.

Det fyrste grunnstoffet som blei oppdaga gjennom syntese var technetium. Denne oppdaginga fylte eit hol i periodesystemet. Det at det ikkje finst nokon stabile technetiumisotopar forklarer kvifor det ikkje finst naturleg på jorda. Med ei halveringstid på 4,2 millionar år er det ikkje att nokon technetiumatom frå danninga av jorda. Det finst berre minimale spor av technetium i jordskorpa (som produkt av spontan fisjon av uran-238 eller ved nøytronfanging i molybdenårer), men technetium finst naturleg i raude kjempestjerner.

Atommassen for naturlege grunnstoff er basert på eit gjennomsnitt av vogne isotopar etter naturleg førekomst i jordskorpa eller atmosfæren. For syntetiske grunnstoff avheng den danna isotopen av middelet til syntesen, så konseptet om naturleg førekomst av isotopar gjev inga meining. Derfor nyttar ein massen (nøytron pluss proton) av den mest stabile isotopen (lengst halveringstid) på lista over syntetiske grunnstoff.

Halvsyntetiske grunnstoff inkluderer:

(Alle grunnstoff med atomnummer 1-94 kan førekoma naturleg, i det minste i sporbare mengder)