Hopp til innhald

The Mamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Mamas

Aktiv2019–
Sjangergospel
PlateselskapUniversal Music Group

The Mamas er ei svensk-amerikansk soul- og gospelgruppe, beståande av Ashley Haynes, Loulou Lamotte og Dinah Yonas Manna. The Mamas vann Melodifestivalen 2020 og skulle ha representert Sverige i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Move». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Gruppa vart skipa i 2019 og består av tre medlemmar: Ashley Haynes (fødd 19. januar 1987 i Washington D.C.)[2], Loulou Lamotte (fødd 16. april 1981 i Malmö)[3] og Dinah Yonas Manna (fødd 5. september 1981 i Stockholm)[2]. Ein fjerde medlem, Paris Renita, forlét gruppa i 2019.[4]

Gruppa sørgde for støttevokal for John Lundvik sin song «Too Late for Love», som vann Melodifestivalen 2019.[5] Lundvik og The Mamas representerte deretter Sverige i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[6] Bidraget enda til slutt på femteplass i finalen 18. mai 2019.[7]

I slutten av 2019 vart det offentleggjort at The Mamas – utan Paris Renita – skulle deltake på ny i Melodifestivalen, denne gongen med sitt eige bidrag, «Move».[8] Dei deltok i den fyrste semifinalen laurdag 1. februar i Linköping og kvalifiserte seg til finalen 7. mars 2020 i Friends Arena i Stockholm.[9]

The Mamas vann ein knapp siger i Melodifestivalen 2020 med 137 poeng – berre eitt poeng føre Dottar og songen «Bulletproof».[10] Med sigeren skulle The Mamas ha representert Sverige i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, i den fyrste semfinalen tysdag 10. mai 2020.[9] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[11]

I 2021 deltok The Mamas i Melodifestivalen med songen «In the Middle». Dei deltok i den fjerde semifinalen laurdag 27. februar og kvalifiserte seg til finalen 13. februar 2021. Bidraget enda til slutt på ein tredjeplass i finalen.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel År Høgaste

plassering

Album
SVE
[12]
«Move» 2020 1 Ikkje frå album
«Let It Be»[13] –
  1. ↑ Granger, Anthony (2020-03-20). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på britisk engelsk). Henta 2020-03-20.
  2. 1 2 «The Mamas: Vi flyger fortfarande». Sydsvenskan. Henta 2. februar 2020.
  3. ↑ «LouLou Lamotte». Discogs (på engelsk). Henta 1. februar 2020.{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link)
  4. ↑ «The Mamas». Universal Music Sweden (på svensk). Henta 1. februar 2020.{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link)
  5. ↑ Eriksson, Anna Karolina (16. mai 2019). «Här är kvinnorna bakom John Lundvik». Göteborgs Posten (på svensk).{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link)
  6. ↑ Swedens John Lundvik storms into Eurovision final The Local Retrieved 2. februar 2020
  7. ↑ «Miss i Eurovision – Sverige kom femma». 22. mai 2019. Henta 7. mars 2020 – via Sveriges Radio.
  8. ↑ «Här är artisterna som tävlar i Melodifestivalen 2020». SVT Nyheter (på svensk). 26. november 2019.{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link)
  9. 1 2 Robin Bengtsson and The Mamas to Melodifestivalen final eurovision.tv Retrieved 2. februar 2020
  10. ↑ «Sweden: The Mamas win Melodifestivalen 2020 with "Move"». wiwibloggs. 7. mars 2020. Henta 7. mars 2020.
  11. ↑ Svendsen, Maiken (2020-03-18). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 2020-03-20.
  12. ↑ «Veckolista Singlar, vecka 11». Sverigetopplistan. Henta 2020-03-20.
  13. ↑ eurovisiontj (2020-05-16). «🇸🇪 The Mamas release their new single 'Let It Be'» (på britisk engelsk). Henta 2020-06-06.