Hopp til innhald

Westbury i Wiltshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Westbury
by
Land  England
Region Wiltshire
Folketal 16 406 (2021)[1]
Postnummer BA13
Retningsnummer 0 1373
Kart
Westbury i Wiltshire
51°15′36″N 2°11′28″W / 51.26°N 2.191°W / 51.26; -2.191
Wikimedia Commons: Westbury, Wiltshire

Westbury er ein by og eit verdsleg sokn i Wiltshire i England. Han ligg omkring 19 km søraust for Bath og 6 km sør for Trowbridge. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt.

High Street i 2005.
Foto: Phil Williams

Byen kallast nokre gonger Westbury-under-the-Plain for å skilje han frå andre stader med same namn; han ligg under den nordvestlege kanten av Salisbury Plain. I det området kan ein sjå det byen er mest kjend for, Den kvite hesten i Westbury. Ein meiner at det store biletet av ein hest først vart skore inn i kalkbakken for å minnast sigeren til Alfred den store over danane i slaget ved Edington, ikkje langt frå Westbury, i 878. Den opphavlege forma var truleg nokså annleis enn slik han fremstår i dag. I 1778 vart han restaurert, og vart då gjort til ein roleg, gressende hest. Ein meiner at den opphavlege forma var ein springande hest.

Sentrum i byen er marknadsplassen, med Allehelgenskyrkjegarden frå 1300-talet ved sida av.

  1. ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Westbury i Wiltshire