Mykoplasma er ein kjønnssjukdom som skuldast bakterien Mycoplasma genitalium.
Mykoplasma kan smitte til urinrøyr, skjede og anus. Symptoma og teikna er dei same som for klamydia: svie ved urinering (vasslating) og utflod frå urinrøyret eller skjeden. Mange som er smitta med bakterien har ingen symptom. Berre dei som har symptom treng å bli testa for mykoplasma, og berre dei som har symptom og får påvist bakterien treng behandling. Kondom vernar mot smitte.
Mykoplasmalungebetennelse skuldast ein anna bakterie, Mycoplasma pneumoniae.
Førekomst
Førekomsten i Noreg er ukjend. Mykoplasma er ikkje ein meldepliktig sjukdom. Det føreligg få studiar som ser på førekomsten av mykoplasma i Noreg.
Årsak
Årsaka til sjukdomen er infeksjon med bakterien Mycoplasma genitalium. Bakterien blir overført ved direkte kontakt mellom slimhinner og bakteriar, ved vaginalt eller analt samleie. Det er ikkje vist om Mycoplasma genitalium kan overførast ved oralsex.
For dei aller fleste vil det vere ufarleg å ha bakterien. Kroppen kan kvitte seg med den på eiga hand.
Bakterien overlever berre kort tid andre stader enn på slimhinner, og smittar difor ikkje via handtrykk, handkle eller toalettsete.
Symptom og teikn
Tida det tek frå ein blir smitta med mykoplasma til ein får symptom (inkubasjonstida) er usikker. Symptoma kjem truleg 1–2 veker etter smitte, men det kan også gå lenger tid før dei oppstår. Mange får ingen symptom.
Dei vanlegaste symptoma og teikna er:
- urinrøyr: svie/smerte ved vasslating (dysuri), utflod frå urinrøyret
- skjede: auka mengde utflod med endra farge, svie eller smerter ved samleie
- bløding etter samleie eller utanom menstruasjon (metroragi)
- anus: kløe og svie eller smerter, utflod
Diagnose
Det er tilrådd å berre teste personar med symptom som ein ikkje finn anna årsak til. For sikkert prøvesvar bør det gå minimum 14 dagar frå mistenkt smittetidspunkt til prøven blir teken. Det er helsepersonell som avgjer om det er indikasjon for å ta mykoplasmaprøve.
Indikasjonane for å teste for Mycoplasma genitalium er:
- symptom og/eller teikn som kan passe med infeksjon i urinrøyret (uretritt) eller livmorhalsen (cervicitt) og negative prøver for klamydia og gonoré
- bekkeninfeksjon og betennelse i bitestiklane (epididymitt)
- dersom noverande seksualpartnar har fått påvist infeksjon med Mycoplasma genitalium
- før kirurgisk abort
Prøvematerialet er det same som for klamydiaprøve. Menn kan ta urinprøve. Kvinner kan ta ein pinneprøve frå skjeden. Prøvepinne blir også brukt til å ta prøve frå anus.
Førebygging
Det er ingen vaksine mot mykoplasma. Kondom vernar mot smitte.
Behandling og kontroll
Personar med påvist mykoplasmainfeksjon og symptom frå underlivet skal ha behandling. Noverande seksualpartnar til ein person som har fått mykoplasma skal også få behandling dersom Mycoplasma genitalium blir påvist.
Sjukdomen blir behandla med antibiotika. Dei fleste får tablettbehandling i fem dagar. Behandlinga er ikkje alltid effektiv grunna antibiotikaresistens. Dersom symptoma ikkje går over, er det tilrådd å ta kontrollprøve 4–6 veker etter avslutta behandling.
Mykoplasma er ikkje definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Undersøking, behandling og kontroll er ikkje gratis.
Komplikasjonar og følgjetilstandar
Det føreligg lite kunnskap om korleis tilstanden utviklar seg utan behandling. For dei aller fleste vil det vere ufarleg å bli smitta med bakterien.
Hos kvinner er det framleis usikkert i kva grad bakterien kan vere årsak til infeksjon i livmor, eggleiarar, eggstokkar og bekken. Det er også usikkert om ein mykoplasmainfeksjon kan gje seinfølgjer som infertilitet og kroniske smerter i underlivet.
Det er også usikkert i kva grad bakterien kan vere årsak til betennelse i bitestiklene eller prostata og om infeksjonen har innverknad på fertilitet hos menn.