Bakterien mycoplasma genitalium, undersøkt med elektronmikroskop (SEM).
Mycoplasma genitalium
Av /NTB.

Mykoplasma er ein seksuelt overført infeksjon som skuldast bakterien Mycoplasma genitalium. Mykoplasma kan smitte til urinrøyr, skjede og anus. Symptoma og teikna er dei same som for klamydia: svie ved urinering (vasslating) og utflod frå urinrøyret eller skjeden. Mange som er smitta med bakterien har ingen symptom. Berre dei som har symptom treng å bli testa for mykoplasma, og berre dei som har symptom og får påvist bakterien treng behandling. Kondom vernar mot smitte.

Faktaboks

Uttale

mykoplasma

Mykoplasmalungebetennelse skuldast ein anna bakterie, Mycoplasma pneumoniae.

Førekomst

Førekomsten i Noreg er ukjend. Mykoplasma er ikkje ein meldepliktig sjukdom. Det føreligg få studiar som ser på førekomsten av mykoplasma i Noreg.

Årsak

Årsaka til sjukdomen er infeksjon med bakterien Mycoplasma genitalium. Bakterien blir overført ved direkte kontakt mellom slimhinner og bakteriar, ved vaginalt eller analt samleie. Det er ikkje vist om Mycoplasma genitalium kan overførast ved oralsex.

For dei aller fleste vil det vere ufarleg å ha bakterien. Kroppen kan kvitte seg med den på eiga hand.

Bakterien overlever berre kort tid andre stader enn på slimhinner, og smittar difor ikkje via handtrykk, handkle eller toalettsete.

Symptom og teikn

Tida det tek frå ein blir smitta med mykoplasma til ein får symptom (inkubasjonstida) er usikker. Symptoma kjem truleg 1–2 veker etter smitte, men det kan òg gå lenger tid før dei oppstår. Mange får ingen symptom.

Dei vanlegaste symptoma og teikna er:

Diagnose

Ein kan diagnostisere mange seksuelt overførte infeksjonar med ei enkel urinprøve.
Urinprøve
Av /Shutterstock.

Det er tilrådd å berre teste personar med symptom som ein ikkje finn anna årsak til. For sikkert prøvesvar bør det gå minimum 14 dagar frå mistenkt smittetidspunkt til prøven blir teken. Det er helsepersonell som avgjer om det er indikasjon for å ta mykoplasmaprøve.

Indikasjonane for å teste for Mycoplasma genitalium er:

Prøvematerialet er det same som for klamydiaprøve. Frå penis kan ein ta urinprøve. Frå skjeden kan ein ta test med pinneprøve. Prøvepinne blir òg brukt til å ta prøve frå anus.

Førebygging

Kondom vernar mot graviditet og mot ein del seksuelt overførte infeksjonar.

Kondom vernar mot smitte. Det er ingen vaksine mot mykoplasma.

Behandling og kontroll

Det er berre personar med påvist mykoplasmainfeksjon og symptom frå underlivet som skal ha behandling. Dersom ein ikkje har symptom, er det ikkje nødvendig med behandling, sjølv om ein har påvist mykoplasma.

Infeksjonen blir behandla med antibiotika. Dei fleste får tablettbehandling i fem dagar. Behandlinga er ikkje alltid effektiv grunna antibiotikaresistens. I nokre tilfelle blir bakteriane testa for resistens mot den vanlegaste antibiotikabehandlinga før ein startar behandling. Ved resistens vert det brukt eit anna antibiotikum i sju dagar.

Dersom symptoma ikkje går over, er det tilrådd å ta kontrollprøve tidlegast 3 veker etter avslutta behandling.

Mykoplasma er ikkje definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Pasienten må sjølv betale for undersøking, behandling og kontroll.

Partnarbehandling

Det er berre noverande seksualpartnar(ar) til ein person som får påvist mykoplasma som bør testast for bakterien. Dersom mykoplasma blir påvist, kan partnar få behandling. Ein gjev behandling for å unngå at personen blir smitta tilbake, ikkje grunna infeksjonen hos partnar.

Blant mange seksualpartnarar vil ikkje bakterien smitte. I eit par kan den eine ha mykoplasma og den andre ikkje. I nokon tilfelle kan bakterien vere antibiotikaresistent hos ein person og ikkje hos partnar. Ein tilrår difor å teste noverande partnar før behandling.

Informasjon til tidlegare seksualpartnarar og oppsporing av smitte tilrås ikkje.

Komplikasjonar og følgjetilstandar

Det føreligg lite kunnskap om korleis tilstanden utviklar seg utan behandling. For dei aller fleste vil det vere ufarleg å bli smitta med bakterien.

Hos kvinner er det framleis usikkert i kva grad bakterien kan vere årsak til infeksjon i livmor, eggleiarar, eggstokkar og bekken. Det er også usikkert om ein mykoplasmainfeksjon kan gje seinfølgjer som infertilitet og kroniske smerter i underlivet.

Det er også usikkert i kva grad bakterien kan føre til betennelse i bitestiklane eller prostata og om infeksjonen har innverknad på fertilitet hos menn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg