Beaufourts vindskala inneheldt opphavleg skildringar av kva effekt vinden ville ha på seglskip. Orkan styrke vart skildra som «that which no canvas could withstand». På biletet ser vi det norske seglskipet Statsraad Lehmkuhl, ute i langt meir gunstige forhold.

Francis Beaufort
Av /Royal Museums Greenwich.

Beauforts vindskala blir brukt til å angje vindstyrke med namn og talverdi frå 0 til 12.

Faktaboks

Uttale

båfårs- eller boufəts-

I Noreg er det mest vanleg å bruke namna, som bris, kuling eller storm, gjerne saman med vindstyrken i meter per sekund (for eksempel liten kuling 12).

Skalaen vart utvikla i 1806 av irske Francis Beaufort (1774–1857), som var kontreadmiral (rear admiral) og kartteiknar i den britiske marinen.

Beaufort Norsk nemning Vindstyrke i knop Meter per sekund
0 Stille < 1 0,0–0,2
1 Flau vind 1–3 0,3–1,5
2 Svak vind 4–6 1,6–3,3
3 Lett bris 7–10 3,4–5,4
4 Laber bris 11–16 5,5–7,9
5 Frisk bris 17–21 8,0–10,7
6 Liten kuling 22–27 10,8–13,8
7 Stiv kuling 28–33 13,9–17,1
8 Sterk kuling 34–40 17,2–20,7
9 Liten storm 41–47 20,8–24,4
10 Full storm 48–55 24,5–28,4
11 Sterk storm 56–63 28,5–32,6
12 Orkan > 63 > 32,6

Styrkenemningane og fartsintervalla i tabellen over refererer til middelverdien i vinden, det vil seie gjennomsnittleg vindstyrke. Det er vanleg å bruke gjennomsnittleg vindstyrke over ti minutt for å angje middelvind.

Beauforts vindskala var opphavleg utvikla for å skildre verknaden i vinden på sjø og skip. Seinare har òg skildringar av verknaden i vinden på land og i fjellet kome til.

Verknaden til vinden

Kraftig vind har velta to furutre

Uvær på Østlandet
Av .

På Jæren er det vanleg med mykje vind, noko desse trea ser ut til å bere preg av

Sammen mot stormen
Av .

Kva effekt dei ulike vindstyrkane typisk har i låglandet i Noreg, blir gjerne skildra ved hjelp av tre og bygningar.

Beaufort Nemning Verknaden i vinden på land
0 Stille Røyken stig rett opp
1 Flau vind Ein kan sjå vindretninga av drifta til røyk
2 Svak vind Følbar, rører på blada til trea, løftar ein vimpel
3 Lett bris Lauv og småkvister rører seg, vinden strekk lette flagg og vimplar
4 Laber bris Løfter støv og lause papir, rører på kvister og smågreiner, strekk større flagg og vimplar
5 Frisk bris Småtre med lauv byrjar å svaie
6 Liten kuling Store greiner og mindre stammar rører seg, det er vanskeleg å bruke paraply, ein merkar motstand når ein går
7 Stiv kuling Heile tre rører seg, det er tungt å gå mot vinden
8 Sterk kuling Vinden brekker kvistar av trea, det er tungt å gå mot vinden
9 Liten storm Heile store tre svaiar og hiv, takstein kan blåse ned
10 Full storm Sjeldan inne i landet, tre blir rykte opp med rota, store skadar på hus
11 Sterk storm Veldig sjeldan, blir fylgt av store øydeleggingar
12 Orkan Uhyre sjeldan. Uvanleg store øydeleggingar

Vind i fjellet

Når det blåser mykje i fjellet blir det vanskeleg å ta seg fram på ski. Det skal kanskje mindre til enn ein trur før sikt og framkome blir redusert.

Kuling i fjellet
Av .

I fjellet er det ikkje store tre som kan blåse overende, og verknaden av vinden vil difor vere annleis. Effekten av vind i fjellet er i stor grad skildra ved hjelp av snø.

Beaufort Nemning Verknaden i vinden i fjellet
0 Stille Snøfiller daler omtrent rett ned, gjerne i ei pendlande rørsle.
1 Flau vind Så vidt følbar. Det er tydeleg at snøfillene driv med vinden.
2 Svak vind Godt følbar i sterk kulde. Snøfillene bevegar seg meir horisontalt enn vertikalt.
3 Lett bris Vinden blir tydeleg merka og kan sjenere. Fallande snø synest å bevege seg mykje raskare horisontalt enn vertikalt.
4 Laber bris Er ubehageleg i kaldt vêr og gjev merkbar motstand. Fallande snø kvervlar av stad med vinden. Snødrevet mot ansiktet er plagsamt.
5 Frisk bris Det blir tungt å gå på ski mot vêret. Fokksnø som driv langs bakken blir kvervla så høgt at synsvidda vert redusert. Snødrevet piskar i ansiktet.
6 Liten kuling Det er veldig slitsamt å ta seg fram mot vêret. Snøfokk set ned sikta til under éin kilometer. Vanskelig å halde ubeskytta ansikt mot vinden i lengre tid. Folk flest bør ikkje leggje ut på tur over snaufjellet ved denne og høgare vindstyrkar.
7 Stiv kuling I motvind må ein lute seg fram over skia og leggje stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina. Snøfokk set ned sikta til nokre få hundre meter. Vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i fjellet ved vindstyrke 7 er ei stor påkjenning for dei fleste.
8 Sterk kuling Fjellet står i kok. Kvister og låge frå trea driv med vinden. Veldig vanskeleg å gå på ski. Nesten umogleg å bere ski på nakken. Snøfokk avgrensar sikta til under 100 meter. Umogleg å orientere seg i terrenget. Veldig vanskeleg å fylgje sjølv godt kvista løyper. Legg ikkje ut på tur!
9 Liten storm Vind og snøfokk gjer det umogleg å ta seg fram på ski over fjellet. Sjølv i klårvêr og lite snøfokk kan påkjenninga bli så stor at ei snøhòle eller hytte er einaste redninga.
10 Full storm Denne og høgare vindstyrkar vil dei fleste aldri kome ut for. Trær veltar over leidningar for telefon og straum. Det knakar i tømmervegger. Lette småhus blir rivne av grunnmuren.
11 Sterk storm Vegar og jernbanelinjer blir blokkerte. Det er kaos på telefon- og straumnettet. Skog blir rasert.
12 Orkan Dersom busetnad vert ramma, blir det ein naturkatastrofe som gjerne vil krevje fleire menneskeliv.

Vinden på sjøen

Blikkstille vatn
Idyll i Stockholms skjærgård
Av .

Ser du slike bylgjer til havs, blæs det i alle fall stiv kuling. Nært land skal det mindre til før bylgjene byggjer seg opp og bryt.

Bølge
Lisens: CC BY SA 3.0

På sjøen kan eit trena auge bedøme vindstyrken relativt bra ved å sjå på tilstanden til sjøen. Vind bidreg til å danne bylgjer, og sjølv om mange faktorar speler inn, ser ein gjerne karakteristiske bylgjemønster.

Verknaden i vinden på sjøen i tabellen under gjeld ope hav, og når vinden har blåst lenge nok til at det karakteristiske bylgjemønsteret er opparbeidd.

Beaufort Nemning Knop Verknaden i vinden på sjøen
0 Stille < 1 Sjøen er spegelblank (havblik)
1 Flau vind 1–3 Krusningar dannar seg på havflata
2 Svak vind 4–6 Små korte, men tydelege bylgjer med glatte kammer som ikkje brekker
3 Lett bris 7–10 Småbylgjene toppar seg. Det blir danna skum som ser ut som glas. Skumskavlar kan førekome
4 Laber bris 11–16 Bylgjene blir lengre. Ein del skumskavlar
5 Frisk bris 17–21 Middelstore bylgjer som har ei meir utprega langstrekt form og med mange skumskavlar. Sjøsprøyt frå toppane kan førekome
6 Liten kuling 22–27 Store bylgjer byrjar å bli danna. Skumskavlane er større overalt. Gjerne noko sjøsprøyt
7 Stiv kuling 28–33 Sjøen hopar seg opp, og kvitt skum frå bylgjetoppar som brekker byrjar å blåse i strimer i vindretninga
8 Sterk kuling 34–40 Middels høge bylgjer av større lengd. Bylgjekammane byrjar å bli brotne opp til sjørokk, som driv i tydeleg markerte strimer med vinden
9 Liten storm 41–47 Høge bylgjer. Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen byrjar å «rulle». Sjørokket kan minske synsvidda
10 Full storm 48–55 Svært høge bylgjer med lange overhengande kammer. Skummet driv med vinden i tette kvite strimer, så sjøen får ein kvitleg utsjånad. Rullinga blir tung og støytande. Synsvidda blir sett ned
11 Sterk storm 56–63 Uvanleg høge bylgjer (små og middelstore skip kan for ei tid forsvinne i bylgjedalane). Sjøen er fullstendig dekt av lange kvite skumflak som ligg i retninga i vinden. Overalt blåser bylgjekammane til frodeliknande skum. Sjørokket set ned synsvidda
12 Orkan > 63 Lufta er fylt av skum og sjørokk som set ned synsvidda stort. Sjøen er fullstendig kvit av drivande skum

Historikk

Beauforts vindskala vart utvikla i 1805 av den irske admiralen og hydrografen Francis Beaufort (1774–1857), som då tenestegjorde i den britiske marinen. Skalaen var opphavleg eit praktisk verktøy for sjøfolk, laga for å standardisere skildring av vindstyrke i loggbøker.

Før Beauforts tid var skildringar av vind svært varierte, og det var vanskeleg å samanlikne observasjonar utan standardisert terminologi. Beauforts idé var å skape eit system som knytte vindstyrke til korleis seglføringa på ein fregatt måtte justerast.

Skalaen hadde 13 trinn, frå 0 (stille) til 12 (orkan). Kvart trinn skildra korleis vinden påverka seglføringa på skipet, altså kva segl som kunne setjast eller måtte takast ned.

Skalaen vart gjord offisiell i 1830-åra, då den britiske marinen bestemde at alle skip skulle nytte Beaufortskalaen i loggbøker. På den fyrste internasjonale meteorologikonferansen i 1853 vart skalaen anerkjend som eit felles system for observasjonar til sjøs.

Modernisering

Med overgangen til dampskip og seinare motorfartøy var det ikkje lenger praktisk at skildringane i skalaen var kopla til segl. I 1916 vart beskrivingane til skalaen endra slik at dei skildrar korleis vinden verkar på sjøen. På same tid vart det laga parallelle skildringar for observasjonar på land. I 1923 vart det innført ei standardisert kopling mellom Beaufort-trinn og vindmålingar med anemometer.

I 1946 vart skalaen utvida med klassane 13–17 for å skildre ekstreme vindstyrkar som kan oppstå under tropiske syklonar. Desse klassane er berre i bruk i nokre land.

Kvart trinn i skalaen vart etter kvart knytt til eit vindfartsintervall, fyrst i knop og seinare også i kilometer i timen og meter per sekund.

I dag blir Beauforts vindskala framleis brukt som ein praktisk måte å skildre vind på. Tala i skalaen er i stor grad gått ut av bruk i Noreg, men nemningane for vindstyrke – som «bris», «stiv kuling» og «orkan» – er faste innslag i vêrmeldingar, ofte saman med vindstyrke uttrykt i meter per sekund.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg