Faktaboks

Kåre Lunden
Fødd
8. april 1930, Naustdal, Vestland
Død
18. juli 2013, Oslo
Virke
Historikar
Familie

Foreldre: Småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden (1897–1989) og Hilda Simonsdatter Indrekvam (1901–1998).

Gift i 1959 med apotekar Reidun Tordis Reenaas (1933–2022), datter av tannlege Nils Reenaas (1899–1979) og Thora Marie Killi (1909–1986). Bror til Eldrid Lunden (1940–).

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Kåre Lunden var ein norsk historikar og forskar. Som uredd debattant med kvasse synspunkt og klar til å stille spørsmål ved etablerte sanningar var han blant dei mest markante norske historikarane i etterkrigstida.

Forskingstyngdepunktet hans var den sosiale og økonomiske historia i mellomalderen. Det faglege virket hans var foreint med eit djupt samfunnsengasjement og eit nasjonalt og folkeleg demokratisk grunnsyn.

Karriere

Kåre Lunden voks opp i Sunnfjord som son av ein småbrukar, pelsdyroppdrettar og anleggsarbeidar. Etter Firda landsgymnas vart han i 1957 uteksaminert frå Noregs Landbrukshøgskole på Ås. Deretter var han til 1963 sekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, før han skreiv om Heggen og Frøland i mellomalderen og tok hovudfag i historie i 1965.

Han arbeidde ved Norsk lokalhistorisk institutt frå 1964 og ved Noregs Lærarhøgskole i Trondheim frå 1966. Frå 1971 var han ved Historisk institutt i Oslo, fyrst som lektor, deretter som professor frå 1976 til 1997.

Agrarhistorikar

Med odelsrett og som agronom hadde Lunden beina solid planta i det norske bondesamfunnet. Det er difor ikkje å undrast over at ulike sider ved dette samfunnet opptok han særskilt. Lunden vidareførte den sterke lokal- og agrarhistoriske tradisjonen som Andreas Holmsen tok opp, og liksom Holmsen vart han ein slags guru innanfor norske lokalhistorikarmiljø.

I 1975 tok han doktorgraden med avhandlinga Kvantitative og teoretiske studiar i eldre norsk bondesoge. Seinare skreiv han mellom anna fleire band om mellomalderen i større norske historiesamleverk. I Frå svartedauden til 17. mai (Norges landbrukshistorie II 1350–1814, 2002) oppsummerer han synspunkta sine på utviklinga gjennom pesttida og dansketida.

Lunden sitt historiesyn var prega av stor vekt på dei materielle samfunnsforholda, og han brukte mykje plass på å underbyggje påstandane sine med empirisk talmateriale. Også når han skreiv spesifikt om identitet og åndelege emne, heldt han kvantitative proporsjonar som dei «faktiske» framfor dei kvalitative. Han var klar på kva han meinte kom først og påverka det neste. Kvantitet slår over i kvalitet, skreiv han.

Debattant

Med prøveførelesinga si over potetdyrkinga og den raske folketalsveksten i Noreg frå 1815 sette Lunden i gang ein av dei mest omfattande fagdebattane om norsk jordbruk på 1800-talet.

Ein annan av dei store historikardiskusjonane her til lands dei siste tiåra har vore den mellom Kåre Lunden og Knut Mykland om den dansk-norske unionstida. Lunden retta frå 1980 og utover i fleire samanhengar skarp kritikk av Mykland for å teikne eit for rosenraudt bilete av det danske styret. Usemja kom særleg fram i synet på skattenivået. Mykland meinte at Noreg i denne perioden var å sjå på som eit lågskatteland. Lunden hevda derimot med empirisk tyngde at dei norske bøndene vart hardt tynte av styresmaktene, som brukte det meste av skatteinntektene i Danmark.

I boka Norsk grålysing (1992) argumenterer Lunden for påstanden om at det fanst ein utvikla norsk nasjonal identitet før 1814. Han gjekk såleis mot det synspunktet som ofte har blitt hevda i nyare norsk historieforsking, nemleg at nordmennene nærmast fekk fridomen i gåve. På same tid engasjerte Lunden seg på nei-sida i kampen om norsk EU-medlemskap. Debatten var oppheita, og Lunden måtte tole å verte skulda for å nøre opp under nasjonalistiske tendensar.

Ein folkeleg intellektuell

Lunden fekk i 1995 tildelt målprisen frå Norsk språkråd. Under prisutdelinga fekk han heiderleg omtale som ein formidlar i beste meining, ein folkeopplysar, ein folkeleg intellektuell og ein som «gjerne trør ut i minefelt og blir der». Lunden takka med å fortelje at når han sat fast i skrivinga, så prøvde han å skrive slik Nikolina i Botna, ei nabokone heime i Naustdal, ville ha sagt det. I 2008 fekk han Klassekampens kulturpris Neshornet.

Lunden argumenterte for overordna fortolkingar i historiefaget. Utan slike samanfatningar gir ikkje historie meining som orientering for notida. For Lunden var samfunnsrelevans overordna. Emneval, spørsmål og teoriar – men ikkje førehandsbestilte resultat – skulle bere fram verdiar og interesser. For han var den sentrale verdien nasjonal identitet og sjølvråderett, ikkje retta mot andre nasjonar, men som ein folkeleg, demokratisk, progressiv, ja radikal kraft. Det verdimessige engasjementet førte til ei rekkje poengterte politiske artiklar og tidskommentarar, der historiske innsikter er vevd inn, ikkje minst under debatten om norsk EU-medlemskap i 1994. Ein bornert og utvendig «internasjonalisme» i byeliten blei skyteskiva; motstykket var den praktiske fornuften hos den sjølvstendige vestlandske småbonden. Som polemikar kunne han bli krass, men ingen av Lundens tekstar blei likegyldige eller kjedelege.

Anna verke

Lunden omsette Geoffrey Chaucers forteljingar og vers frå mellomalderengelsk til eit moderne og fulltonande nynorsk. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Utgivingar i utval

Lunden gav ut ei rekkje bøker og artiklar:

  • Busetnad og økonomiske tilhøve i Noreg frå omkring år 800 til 1350: eit kort oversyn (1967)
  • Kvantitative og teoretiske studiar i eldre norsk bondesoge (1975, doktoravhandling)
  • Norge under Sverreætten, 1177–1319 (1987, band tre i Norges Historie)
  • Korn og kaup. 1: Studiar over prisar og jordbruk på Vestlandet i mellomalderen (1978)
  • Kjettarar, prestar og sagakvinner: om historie og historieproduksjon (1980)
  • Europa i krise: 1300–1500 (1984, band seks i Aschehougs Verdenshistorie)
  • Dialog med fortida: historie og historikarar frå 1184 til 1984 (1985)
  • Norsk grålysing: Norsk nasjonalisme 1770–1814 på allmenn bakgrunn (1992)
  • Nasjon eller union?: refleksjonar og røynsler (1993)
  • Frå svartedauden til 17. mai: 1350–1814 (2002, band to i Norges landbrukshistorie)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Eidsfeldt, Anne med fleire, red. (2000): Holmgang: Om førmoderne samfunn. Festskrift til Kåre Lunden. Oslo: Historisk institutt, Universitetet i Oslo. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg