Politi i opprørsutstyr og ved pansra politibil i samband med gateuro i Belfast i 2011.

Bilete frå 2012 av grafitti med kritikk av PSNI-granskingane av historiske saker (Historical Enquiries Team - HET) i Mount Vernon-området i det nordlege Belfast.

.

Police Service of Northern Ireland er politietaten i Nord-Irland. Den gamle politistyrken i Nord-Irland, Royal Ulster Constabulary (RUC) vart reformert og fekk namnet Police Service of Northern Ireland frå 4. november 2001. Dette var ein av mange verknader av Langfredagsavtala frå 1998. I dag har PSNI ein stab på i overkant av 7000 tilsette, og er den tredje største politistyrken i Det foreinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, etter Metropolitan Police (Stor-London) og Police Scotland.

Faktaboks

Også kjend som

PSNI

Historikk

Den gamle politistyrken, Royal Ulster Constabulary (RUC), oppnådde aldri brei legitimitet blant nasjonalistane i Nord-Irland (dei som ynskjer eit foreint Irland). RUC vart ofte skulda for hardhendt valdsbruk, unionistisk slagside og nært samband med paramilitære lojalistar, og ved ein del høve er dette også godt dokumentert.

Frå starten vart det difor laga eit program for å sikre at PSNI fekk polititenestemenn på alle nivå med rimeleg balanse mellom protestantar og katolikkar. I 2005 vart det òg skipa eit Historical Enquiries Team (HET) med 100 etterforskarar og støttestab for å granske drapssaker som ikkje var oppklåra frå The Troubles eller som det var grunn til å ettergå etterforskinga i. På grunn av eit budsjettkutt i 2014, vart HET bytt ut med ei vesentleg mindre eining for historiske saker.

Frå 2007, då Sinn Féin-landsmøtet med stort fleirtal vedtok at partiet skulle stø opp om PSNI, kan ein seie at målet om brei legitimitet i vesentleg grad var nådd. Føresetnadane for å få til dette var både omfattande nyrekruttering av menn og kvinner som både spegla det politiske og religiøse mangfaldet betre, som tenkte annleis om kva som var akseptabel framferd – og at PSNI fekk eit vesentleg leiarinnslag som var rekruttert utanfrå. Police Service of Northern Ireland har sidan november 2023 vore leidd av sjefkonstabel Jonathan Michael Boutcher.

Notidige utfordringar

Republikanske dissidentar (motstandarar av Langfredags- og St. Andrewsavtalene frå 1998 og 2006) har gjennomført åtak mot PSNI. Sommaren 2023 vart det kjend at slike grupper hadde fått tilgjenge til opplysningar om fleire tusen PSNI-tilsette, og oppunder 1000 PSNI-tilsette har etter dette varsla uro og krav om sterkare sikringstiltak i og utanfor polititenesta. PSNI har også utfordringar med blodige bandeoppgjer om pengar frå menneske- og narkotikasmugling og om territoriell kontroll mellom ulike fraksjonar av lojalistiske paramilitære organisasjonar.

Rekrutteringsutfordringar

Prinsippet om halvt om halvt rekruttering av personar med nasjonalistisk og unionistisk bakgrunn til PSNI møtte motstand, særleg frå Democratic Unionist Party. I 2011 vart prinsippet forlate. Oppunder ein tredel av PSNI har no bakgrunn frå den nasjonalistiske delen av folket, og dei er difor framleis tydeleg «underrepresenterte». Denne tendensen er langt sterkare høgt i stillingshierarkiet. Samanlikna med dei 8,3 prosentane då Royal Ulster Constabulary (RUC) vart oppløyst ved namneskiftet til PSNI, er dette likevel ei sterk betring. I 2023 skreiv den moderate nasjonalistavisa Irish News på kommentarplass at det er mange prov på at PSNI ikkje er ein venleg eller imøtekomande politistyrke for katolikkar.

Nedbygging av etterforsking av historiske «troubles»-saker

I 2005 vart «Historical Enquiries Team» (HET) oppretta, som skulle granske dei nesten 3300 drapssakene mellom 1968 og 1998. Denne gruppa hadde til saman om lag 100 tilsette i staben av etterforskarar og administrativt personell. Det vart innført eit skilje mellom gjennomgang av eldre saker og etterforsking av eldre saker. Gjennomgangssakene vart handtert av personell rekruttert utanfor Nord-Irland, medan lokalrekrutterte stod for sakene som skulle etterforskast.

HET skulle ha nær kontakt med familiane til dei drepne, og dei skulle få rapportane etter at arbeidet var fullført. Vidare skulle moderne politietterforskingsstandardar fylgjast. I dette låg det også ein implisitt kritikk av arbeidet til det tidlegare Royal Ulster Constabulary. Dessutan skulle arbeidet medverke til at samfunnet fekk tillit til prosessane og utfalla av dei.

I 2013 kom ein rapport om arbeidet til Historical Enquiries Team frå Det britiske polititilsynet (Her Majesty's Inspectorate of Constabulary). Den hevda at arbeidet med saker der tenestemenn i politiet eller den britiske hæren var mistenkte for å stå bak eller å ha medverka til drapa i ein del tilfelle, ikkje vart like grundig og systematisk fylgd opp som saker der ikkje-statlege aktørar var involvert. I 2014 vart Historical Enquiries Team oppløyst etter budsjettkutt og omstruktureringar i Police Service of Northern Ireland. Ei langt mindre gruppe heldt fram med dei historiske drapssakene etter dette. Etter at lova Northern Ireland Troubles (Reconciliation and Legacy) Act vart vedteke og trådte i kraft i 2023, har det vore svært sterk kritikk for at det nesten vil vere full stopp i granskingar, etterforsking og rettsleg prøving. Regjeringa Keir Starmer (2024–2026) har gjeve signal om at dei kan kome til å reversere denne lovgivinga.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bowling, Benjamin med fleire (2019): The Politics of the Police, femte utgåve. Oxford University Press.
  • Murphy, Joanne (2008): RUC to PSNI. A study of Radical Organizational Change. PhD-dissertation, Trinity College Dublin.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg