Teater Vestland er eit regionteater i Vestland fylke med base i Førde. Teateret produserer eigen scenekunst og speler framsyningane på turné i heile fylket. Verksemda er eigd av Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune, og staten er den største tilskotsytaren.
Teater Vestland
Historie
Teateret blei etablert som Sogn og Fjordane Teater i 1977, og var allmøtestyrt fram til 1980. Fram til fylkessamanslåinga ved overgangen til 2020 var det regionteater for Sogn og Fjordane med turnéplikt i det dåverande fylket.
Teateret auka talet på spelestader monaleg då dei tok i bruk teaterbåten Innvik, ei tidlegare ferje, til turneane sine i perioden 1982–2001.
I januar 2020 skifta institusjonen namn til Teater Vestland.
Profil og samarbeid
Teater Vestland presenterer både eigne produksjonar, samproduksjonar og gjestespel. Teateret samarbeider fast med Riksteatret og det frie profesjonelle feltet. Årleg produserer teateret eit breitt og variert repertoar – frå storskala historiespel som Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø, via ny norsk dramatikk, framsyningar med historier frå eigen region og klassikarar, til europeisk samtidsdramatikk, barneteater og kabaret-teater.
Språkform og kompetanse
Teateret har nynorsk som målform, og dialogen på scena blir framført på nynorsk og vestnorske dialektar. Som institusjonsteater deler det dette språklege formålet med Det Vestnorske Teateret i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo.
I 2024 opna Nynorsk scenespråksenter i Nynorskhuset. Dette er eit nasjonalt senter og ei eiga avdeling under teateret. Senteret tilbyr etterutdanning for yrkesaktive skodespelarar frå heile landet, der dei får styrkt kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialektar.
Satsing på barn, unge og amatørteater
«Torn & Rose i Eventyrland» hadde urpremiere 30. august 2023 og var ein samproduksjon mellom Nordland Teater, Teater Vestland og Teatret Vårt. Framsyninga var den første i Europa som tok i bruk avansert AR-teknologi (utvida røyndom) for eit samla publikum, og ho vann fleire internasjonale bransjeprisar for dette.
Ved sida av det ordinære repertoaret har teateret heilt sidan opprettinga hatt eit særleg fokus på barn og unge, og det er vedtektsfesta at institusjonen skal søkje å fremje amatørteaterarbeidet i fylket.
I perioden 2001–2005 dreiv teateret eit eige ungdomsteater. Teateret har sidan vidareført denne satsinga i form av det faste tilbodet Teater Vestland Ung. I 2024 utvida institusjonen verksemda si ved også å etablere eit eige amatørteatertilbod for vaksne.
Teatersjefar
| År | Leiar |
|---|---|
| 2026– | Aslak Moe |
| 2025 | Kristina Kjeldsberg (konstituert) |
| 2021–2025 | Cecilie Grydeland Lundsholt |
| 2016–2020 | Bodil Kvamme |
| 2004–2015 | Terje Lyngstad |
| 2000–2003 | Mette Brantzeg |
| 1991–1999 | Emte Stag |
| 1988–1990 | Norvald Teigen |
| 1980–1987 | Anne Gullestad |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Faktaboks
- Sektorkode
- 6500 Kommuneforvaltningen
- Næringskode(r)
- 90.202 Utøvende kunstnerisk virksomhet og underholdningsvirksomhet innenfor scenekunst
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.