Hopp til innhald

Auskerry

Auskerry
Geografi
Auskerry is located in
StadNordsjøen
Koordinatar59°02′03″N 2°34′05″W / 59.03429°N 2.56798°W / 59.03429; -2.56798
ØygruppeOrknøyane
Areal0,85 km²
Administrasjon
LandSkottland
RegionOrknøyane
Demografi
Folketal5 (2001)
Folketettleik5,9 /km²

Auskerry (norrønt Austrsker, «austskjeret») er ei lita øy aust i Orknøyane. Ho ligg i Nordsjøen sør for Stronsay. Det står eit fyr på øya, bygt i 1866.

Auskerry fyr

Auskerry er ei lita, flat øy av raud sandstein, 4,5 km sør for Stronsay.[1] Ein ståande stein og eit kapell frå mellomalderen er teikn på tidleg busetnad.[1] Øya var utan folk ein periode etter at fyret vart automatisert i 1960-åra. Ho var tidlegare ein populær stad for å jakte på sel.[1]

Auskerry har vore busett i 30 år av ein familie som driv med sauehald.[2] Det står tre små vindturbinar og fire solcellepanel på øya som gjev øya straum.

«Hastings County» var eit 116 meter langt norsk lasteskip som gjekk på grunn nordvest for Auskerry i 1926 i tjukk skodde.[3] Fartøyet braut i to og vraket vart spreidd over store område. Maskinen hamna på stranda.

Fyret ligg nord for Stronsay Firth.[4] Det vart bygt i 1866 av ingeniørane David og Thomas Stevenson.[5].

Auskerry har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av viktige hekkeområde for isterne og havsvale; 4,2 % av hekkande havsvaler i Storbritannia hekkar på denne øya.[6]

  1. 1 2 3 «Auskerry». Gazetteer for Scotland. Henta 7. mars 2010.
  2. ↑ «Isle of Auskerry». Henta 7. mars 2010.
  3. ↑ «Hastings County». North Isles Diving. Henta 7. mars 2010.
  4. ↑ «SS Hastings County Ashore On Auskerry». Scran. Henta 7. mars 2010.
  5. ↑ «Auskerry History». Northern Lighthouse Board. Henta 7. mars 2010.
  6. ↑ «Special Protection Area description: Auskerry». JNCC. Henta 7. mars 2010.