Hopp til innhald

Huwara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huwara
حُوّاره, Howwarah
kommune
Huwara kontrollpunkt
Namneopphav: Kvit mergel[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°09′09″N 35°15′24″E / 32.15250°N 35.25667°E / 32.15250; 35.25667
Folketal 5 570 (2007)[2]
Kart
Huwara
32°09′09″N 35°15′24″E / 32.1525°N 35.256666666667°E / 32.1525; 35.256666666667
Kart som viser Huwara.
Kart som viser Huwara.
Kart som viser Huwara.
Wikimedia Commons: Huwwara, Palestine

Huwara (arabisk حُوّاره, ḥuwwarah, hebraisk skrift חווארה)[3] er ein palestinsk by som ligg i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 9 km sør for Nablus og dannar ein enklave mellom fire israelske busetjingar.[4] Han ligg kring 7 km frå Jakob-brunnen.[3] Eit av dei viktigaste kontrollpunkta til Israel låg i byen, Huwwara kontrollpunkt, for å kontrollere tilkomst til den nærliggande byen Nablus. I 2011 valde det israelske forsvaret å legge ned kontrollpunktet og trafikken mellom Nablus og Ramallah vart enklare.[5] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 800 i 2006.[6]

Den første grunnskulen vart grunnlagd i 1947, og omgjort til ein vidaregåande skule i 1962.

Huwara er ein eldgammal stad og ein har funne cisterner og graver hogde ut i berget, i tillegg til restar av søyler.[7]

På 1100- og 1200-talet var Hawara busett av muslimar.[8]

Osmansk tid

[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 87 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[9]

I 1853 var Huwara delaktig i eit slag med nabolandsbyane Quza og Beita, og ti menn og sju kvinner mista livet.[10]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870. Han estimerte at landsbyen (som han kalla Haouarah) hadde kring 800 innbyggjarar, og at han var delt i to distrikt, kvar styrt av ein sjeik. Ein wali var tileigna Abou en-Nebyh Sahin.[11]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Huwarah som ein landsby «i stein og leire ved foten av Gerizim, like ved hovudvegen. Han ser gammal ut og dekkjer eit stort område».[12]

Det britiske mandatet

[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Huwara eit folketal på 921, alle muslimar,[13] og dette auka noko i folketeljinga i 1931, der Huwara (i lag med den mindre staden Bir Quza) hadde 240 busette hus og eit folketal på 955, framleis alle muslimar.[14]

I 1945 hadde Huwwara eit folketal på 1 300, alle arabarar, med 7 982 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 607 mål var plantasjar og irrigert land, 4 858 nytta for korn,[16] medan 129 mål vart utbygd land.[17]

Israel-Palestina-konflikten

[endre | endre wikiteksten]

Huwara har vore utsett for hemnaksjonar i form av tilfeldige valdshandlingar frå israelske jødiske busetjarar. I april 2010 brende busetjarane tre palestinske køyretøy i Huwara,[18] medan busetjarar under ein hemnaksjon den 27. februar 2011 for evakueringa av Havat Gilad kasta brannbomber inn i eit hus i landsbyen.[19] I mars 2012 vart Davidsstjerna spraya på moskeen i landsbyen.[20]

  1. ↑ Palmer, 1881, s. 229
  2. ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 110
  3. 1 2 Rix, Herbert (1907). Tent and Testament: A Camping Tour in Palestine. New York, London: Scribner. s. 25.
  4. ↑ Friedman, Robert I. (6. desember 2001). «And Darkness Covered the Land». The Nation. Arkivert frå originalen 18. november 2007. Henta 5. september 2015.
  5. ↑ Sandercock, Josie (2004). Peace Under Fire: Israel/Palestine and the International Solidarity Movement. Verso. s. 110. ISBN 1-84467-501-7.
  6. ↑ «Projected Mid -Year Population for Nablus guvernement by Locality 2004- 2006». Palestinsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 7. februar 2008. Henta 5. september 2015.
  7. ↑ Dauphin, 1998, s. 804
  8. ↑ Ellenblum, 2003, s. 263
  9. ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
  10. ↑ Avneri, 1984, s.20, citing the English consul Finn, 1878, s. 298
  11. ↑ Guérin, 1874, s. 460
  12. ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 284
  13. ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
  14. ↑ Mills, 1932, s. 62
  15. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  16. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
  17. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156
  18. ↑ Saed Bannoura, 'Settler Torch Olive Orchard In Silwan,' in International Midtausten Media Sentral, 17. september 2015
  19. ↑ Yair Altman, Price tag: Palestinian cars vandalized in Hebron.' på Ynet, 1. mars 2011
  20. ↑ Israeli firefighters: West Bank mosque fire likely arson, 6. mai 2010, Haaretz

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]