Jærbladet
Utsjånad
| Jærbladet | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Lokalavis | ||
| Org.nummer | 865613032 | ||
| Format | abonnement og tabloid | ||
| Grunnlagd | 1949 | ||
| Eigarar | A-pressen | ||
| Språk | Nynorsk og bokmål | ||
| Politisk posisjon | partipolitisk uavhengig | ||
| Opplag | 12 903 (2015) | ||
| Hovudkvarter | Meierigata 22, Bryne | ||
| Nettstad | https://jbl.no (norsk bokmål) | ||
Jærbladet er ei avis som har hovudkontoret sitt på Bryne i Time kommune på Jæren. Avisa kjem ut tre gonger for veka, måndag, onsdag og fredag. Avisa tek mål av seg å dekka jærkommunane Hå, Time og Klepp.
Frå starten i 1949 var Jærbladet ei avis med mykje nynorsk. Etter kvart er det òg ein del bokmål i avisa.
Jærbladet vert eigd og utgjeve av Jærbladet AS. Jærbladet AS vert igjen eigd av Amedia. Jærbladet gjekk 30. april 2004 over til tabloid format.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 12 475 |
| 2001 | 12 477 |
| 2002 | 12 428 |
| 2003 | 12 377 |
| 2004 | 12 598 |
| 2005 | 12 617 |
| 2006 | 12 763 |
| 2007 | 13 064 |
| 2008 | 13 264 |
| 2009 | 13 266 |
| 2010 | 13 305 |
| 2014 | 12 930 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Fylling, Jostein: Avisa på Jæren : Jærbladet 50 år : 1949-1999. Bryne 1999.