Hopp til innhald

Mosken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosken
øy
Mosken, med Moskenesøya i bakgrunnen.
Foto: Lukas Beck
Land  Noreg
Fylke Nordland
Stad Lofoten
Høgd 385 m
Areal 1,5 km²
Folketal 0
Kart
Mosken
67°44′52″N 12°45′08″E / 67.747777777778°N 12.752222222222°E / 67.747777777778; 12.752222222222
Kart som viser Mosken.
Kart som viser Mosken.
Kart som viser Mosken.
Wikimedia Commons: Værøy

Mosken er ei fjelløy i Værøy kommune i Nordland. Øya ligg mellom Værøya og Moskenesøya i Lofoten. Det høgaste punktet på Mosken er Wilhelmstind på 385 moh. Øya er ikkje busett og har eit areal på 1,5 km²

Mosken vart tidlegare nytta til beite for sau, både sommar- og vinterstid.[1]

Mosken og småøyane rundt er eit viktig hekkeområde for toppskarv, lomvi, stormsvale, havsvale, ærfugl og teist. [2]

På Svarven like utanfor Mosken hadde fiskarane tidlegare rorbuer og tilhald under seifisket på seinsommaren og hausten.

Mellom Moskenesøya og Mosken går Moskenstraumen, ein av dei kraftigaste havstraumane i verda. Moskenesstraumen er berykta, og har vore skildra av både Petter Dass, Edgar Allan Poe og Jules Verne.

Namnet «Mosken» vert elles nytta både som etternamn og fornamn i Noreg.

  1. ↑ Mosken på lofoten-startside.no, arkivert frå originalen 2008-05-04, henta 2008-04-15 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. ↑ Fuglar på Mosken

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Bilete av Mosken: , ,