Hopp til innhald

Mount Wilson-observatoriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Wilson-observatoriet

StadLos Angeles County
Kart
Mount Wilson-observatoriet
34°13′30″N 118°03′26″W / 34.225027777778°N 118.05719444444°W / 34.225027777778; -118.05719444444
Toppen av soltårnobservatoriet.

Mount Wilson-observatoriet er eit astronomisk observatorium nær Pasadena i California, 1750 meter over havet. Det vart grunnlagd i 1904 av George Ellery Hale, og oppført og drive av Carnegie Institution. Observatoriet er eit av dei største i verda og vart opphavleg oppretta for utforsking av sola. Observatoriet har mellom anna to tårnteleskop med høgd på 25 og 50 meter som framleis er i bruk. Arbeidet vart seinare i stor grad overført andre flet, særskild studiet av galaksar. Dei fleste store oppdagingane innafor galakseforskinga frå 1908 og fram til opprettinga av Palomar-observatoriet er utført ved Mount Wilson-observatoriet. Observatoriet har to store reflektorar, den eine har spegeldiameter 1,52 meter (ferdig 1908), den andre, som har spegeldiameter 2,54 meter (ferdig 1918), var inntil Hale-teleskopet ved Palomar-observatoriet vart bygd i 1947, størst i verda.

  • «Mount Wilson-observatoriet», Store norske leksikon, 24. mars 2016, henta 17. juli 2016