Ola Elvestuen
| Ola Elvestuen | |||
| Ola Elvestuen Foto: Audun Halaas / Venstre | |||
| Fødd | 9. oktober 1967 (58 år) Vestre Toten kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Verv | Norsk klima- og miljøminister 17. januar 2018– 24. januar 2020 | ||
| Føregangar | Vidar Helgesen | ||
| Etterfylgjar | Sveinung Rotevatn | ||
| Alle verv |
| ||
Ola Elvestuen (fødd 9. oktober 1967 på Vestre Toten) er ein norsk politikar for Venstre. Han var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 24. januar 2020.[1] Elvestuen var nestleiar i Venstre frå 2008 til 2020, og han var innvald på Stortinget frå Oslo fra 2013 til 2025, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Elvestuen var byråd for miljø og samferdsle i Oslo frå oktober 2011 til september 2013, og leiar i Oslo bystyre sin komité for byutvikling i perioden 2003–2011.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ola Elvestuen er frå Vestre Toten. Han er bror av journalisten og illustratøren Per Elvestuen.[2]
Elvestuen studerte i åra 1989–1994 cand.mag. ved Universitetet i Oslo, med sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap.[3] Han har også gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole.[4]
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]Ola Elvestuen blei vald inn på Stortinget for Oslo i 2013 og var vararepresentant mellom 2001 og 2013.
- 2021–2025: Medlem av Energi- og miljøkomiteen
- 2013–2018: Leiar av Energi- og miljøkomiteen
- 2020–2021: Medlem av Finanskomiteen
- 2020–2020: Medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen
I perioden 2013 til 2018 var Elvestuen den parlamentariske nestleiaren for Venstre, noko han også var igjen frå 2020 til 2021.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]Ola Elvestuen var ein av tre statsrådar frå Venstre då partiet gjekk inn i Erna Solberg si regjering i januar 2018.
- 2018–2020: Klima- og miljøminister i Klima- og miljødepartementet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 2018-01-17. Henta 2018-01-18.
- ↑ «Ola Elvestuen» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Hagi, Ali (19. september 2007). «Tok seg frihet til fri». Universitas.
- ↑ http://www.venstre.no/troms/sorreisa/artikkel/42007/ [daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Ola Elvestuen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1967
- Norske miljøvernministrar
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Venstrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Byrådar i Oslo
- Venstrepolitikarar i Oslo
- Folk frå Vestre Toten