Sigrun Eng
Utsjånad
| Sigrun Eng | |||
| Fødd | 5. juni 1951 (75 år) Sør-Fron kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Sigrun Johanne Eng (fødd 5. juni 1951) er ein norsk politikar fødd i Sør-Fron som representerte Buskerud fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1993-2009.
Eng er utdanna gartnar og blomsterdekoratør, og arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande på Gol frå 1978 til -96. Ho var medlem av Gol kommunestyre 1983-91, dei fire siste åra som medlem av formannskapet.
I 1993 vart Eng vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald tre gongar. Ho var medlem av Næringskomiteen i den fyrste og den siste fireårsperioden ho hadde sete på Stortinget. I dei mellomliggjande åtte åra, 1997-2005, var ho medlem av Samferdslekomiteen.
Etter ho forlet Stortinget, dreiv Eng vidare blomsterforretninga si på Gol.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1951
- Stortingsrepresentantar for Buskerud
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Lokalpolitikarar i Gol
- Ap-politikarar i Buskerud
- Folk frå Sør-Fron
- Folk frå Gol