Hopp til innhald

Tikhvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tikhvin
Тихвин
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Høgd 50 m
Areal 24 km²
Folketal 53 778 (1. januar 2025)[1]
Først nemnd i 1383
 •  Bystatus 1773
Postnummer 18755x
Retningsnummer (+7)81367
Kart
Tikhvin
59°38′39″N 33°32′32″E / 59.644166666667°N 33.542222222222°E / 59.644166666667; 33.542222222222
Wikimedia Commons: Tikhvin

Tikhvin (russisk Ти́хвин, finsk Tihvinä) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg 200 km aust for Sankt Petersburg ved elva Tikhvinka.

Byen er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1383. På 1400–1500-talet var han eit viktig religiøst senter nordvest i Russland. Bystatus fekk han i 1773.

Maria himmelfart-katedralen i Tikhvin.

Tikhvin er kanskje mest kjend internasjonalt som fødestaden til komponisten Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844–1908).

I den andre verdskrigen vart byen erobra i november 1941 av styrkar frå den tyske Armégruppe Nord, men dei tapte byen att etter ein månad, då dei sovjetiske motåtaka vart for sterke. Tikhvin markerte den lengste framrykkinga til Armégruppe Nord under heile krigen.

  1. ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tikhvin