Hopp til innhald

Tragus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den ytre overflata av øyremuslingen

Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2] Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]

Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]

Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]

Fleire bilete

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Holck, Per (13. februar 2009). «tragus». Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2015.
  2. ↑ Webster. «Tragus: Meanining». Merriam-Webster. Henta 13. januar 2013.
  3. ↑ «Tragus: Definition». Collins English Dictionary. Henta 13. januar 2013.
  4. ↑ Muller, Raulf. «A numerical study of the role of tragus in the big brown bat». Research Gate. Henta 13. januar 2013.
  5. ↑ «Fistula test». Harley Street E-Clinic. Arkivert frå originalen 2018-01-28. Henta 13. januar 2013. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)