Hopp til innhald

Zanjan-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zanjan
Zəncan
زنجان
Provins
Land  Iran
Region Region 3
Fylke 8
Hovudstad Zanjan
Areal 21 773 km²
Folketal 1 057 461 (2016)[1]
Språk   persisk (offisielt)
  aserbajdsjansk (majoritet)
  tatisk
  kurdisk[2]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
   Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Zanjan-provinsen
36°40′30″N 48°29′04″E / 36.6751°N 48.4845°E / 36.6751; 48.4845
Wikimedia Commons: Zanjan Province

Zanjan-provinsen (persisk استان زنجان Ostān-e Zanjān, aserbajdsjansk Zəncan ostanı) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan og folkesetnaden er aserbajdsjanarar.[3] Hn er ein del av Region 3 i Iran.[4] Provinshovudstaden er Zanjan. Provinsen dekkjer eit areal på 36 400 km² og har like over éin million innbyggjarar (2011), som for det meste bur på landsbygda.[5] Provinsen ligg 330 km nordvest for Teheran.

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Zanjan dekkjer kring 1,34 % av Iran. Folketettleiken er kring 4,25 personar per km². Zanjan grensar til Aust-Aserbajdsjan, Vest-Aserbajdsjan, Hamadan, Kurdistan, Gilan, Ghazvin og Ardabil.

Av shahrestan, eller fylke i Zanjan-provinsen, finn ein:

Zanjan har eit fjellklima prega av kalde, snørike vintrar i fjella og moderat klima på slettene om vinteren. Om sommaren er vêret varmt. Den normale maksimumstemperaturen er kring 27 °C, medan den normale minimumstemperaturen om vinteren er –19 °C. Temperaturer over 30 ºC er derimot ikkje uvanleg på varme dagar, og heller ikkje temperaturer ned til –27 °C om vinteren.

  1. «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری». Irans statistiske sentralbyrå (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
  2. Government of Zanjan-provinsen (persisk) Arkivert 22. juli 2011 ved Wayback Machine..
  3. «استان زنجان بهترین گزینه سفر در نوروز 95». Khabaronline (på persisk). 18. mars 2016. {{cite news}}: |archive-date= requires |archive-url= (hjelp); Invalid |deadurl=no (hjelp)
  4. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen 23. juni 2014. {{cite news}}: Invalid |deadurl=no (hjelp)
  5. Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 31. mai 2013 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zanjan-provinsen