Luca Pacioli var ein italiensk matematikar og fransiskanar. Han er særleg kjend for å ha gjeve ut den fyrste trykte framstillinga av dobbelt bokføring i 1494. Arbeidet hans bidrog til å spreie ein rekneskapsmetode som framleis er grunnleggjande i moderne rekneskapsføring.
Pacioli vart fødd omkring 1447 i Sansepolcro i Toscana og døydde i 1517. Som ung arbeidde han som huslærar hos ein kjøpmann i Venezia, der han òg studerte matematikk. Han gjekk seinare inn i fransiskanarordenen og underviste i matematikk i fleire italienske byar. I Milano arbeidde han ved hoffet til Ludovico Sforza og vart ven og samarbeidspartnar med Leonardo da Vinci.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.